Konsekvensutgreiinga for Jondalstunnelen er venta lagt fram no før jul. Statens vegvesen føreslår fleire alternativ som varierer frå ca. 8 til over 10 kilometer.

— Vi har lagt ei minimumsløysing til grunn for vårt kostnadsoverslag på 335 millionar kroner. Dette fører til at tunnelen vert bygt så kort som råd, det vil seia at han kjem ut på Flatabø i Nordrepollen og held fram med veg langs fjorden til Austrepollen, seier ordførar i Jondal, John Skogseth, til Bergens Tidende.

Ikkje meir å henta

— Vi har ikkje teke høgde for at tunnelprosjektet vert vesentleg dyrare, seier Skogseth.

I kostnadsoverslaget ligg det:

55 millionar kroner frå kommunane Jondal, Odda og Kvam.

110 millionar kroner frå Hordaland fylke.

120 millionar kroner i bompengar.

50 millionar kroner frå staten.

Tilsaman: 335 millionar kroner.

For kvar km tunnelen vert lengre, stig prisen med 40-50 millionar kroner.

Statens vegvesen har tidlegare slege om seg med kostnadstal på både 400 og 500 millionar kroner.

— Eg trur ikkje det er meir å henta frå kommunane, seier Skogseth.

— Vi har ikkje meir pengar. Vi vonar berre at rammene vi får held til det vi har lova å gje Jondalstunnelen, seier fylkesordførar Torild Selsvold Nyborg.

Jondalstunnelen har gode sjansar til å få 50 millionar frå staten, men ingen trur det er sjansar for å få meir.

Går for lengre tunnel

— Skulle tunnelen verte dyrare enn vi har rekna med, får vi sjå om det er trafikkgrunnlag til å auke bompengeinntektene, seier John Skogseth.

Statens vegvesen har så langt rekna med bompengeinnkrevjing i 22 år for å få inn 110-120 millionar kroner. Stortinget gjer normalt ikkje bompengevedtak på over 15 år, men unntak kan førekome når gode grunnar talar for det.

John Skogseth ser med uro fram mot handsaminga av reguleringsplanane. Roald Sletten, Statens vegvesen sin planleggjar på Jondalstunnelen, har tidlegare uttalt seg til BT på ein måte som tyder at dei vil tilrå ein tunnel som går ca. 1 km. lengre fram i Nordrepollen, og som sparer innmark og bumiljø. Tunnelen kan og verte lengre på Jondal-sida, der det er to-tre ulike val.

Skogseth får heller inga draghjelp frå den nyvalde ordføraren i Kvinnherad, Bjarne Berge. Det er kommunestyret i Kvinnherad som skal vedta reguleringsplanen.

Viktig for aust-vest

— Etter mi meining er Jondalstunnelen ei framtidsretta sak som vert viktig i aust-vest-sambandet. Då får det våga seg om det vert litt ekstra utgifter. Nordrepollen er ei fin bygd som er verd å ta vare på. Eg meiner og at det bør byggjast tunnel vidare frå Nordrepollen og fram mot Folgefonntunnelen med ein gong, i staden for å vøla på vegen langs fjorden. Der vil det alltid vere fare for ras, seier Berge.

Dersom Berge får ønskjet sitt oppfylt, gir det ein meirkostnad på 150 til 200 millionar kroner.

Jondalstunnelen har von om pengar frå ei kjelde til. Fylkestinget vil no i desember truleg gjera eit vedtak som kan gi tunnelen pengar frå fylket sine konsesjonskraftmidlar. Det vert i så fall ein del av dei 30 prosentane som er til overs når 70 prosent er fordelt til Hardangerbrua. Det hjelper litt.

MINIMUM: Teikninga på bilete syner i grove trekk løysinga for Jondalstunnelen på Kvinnherad-sida, slik Jondal kommune ønskjer seg det. Då vil vegen førast i dagline i skråningane over busetnaden i Nordrepollen, fram mot tunnelinnslag på Flatabø.<br/> FOTO: JOHN LINDEBOTTEN