ARNE HOFSETH

arne.hofseth@bt.no

Viktigaste vilkåret er at Staten løyver 50 millionar kroner i tilskot. Verksemder i Hardanger og Sunnhordland må garantera for 75,6 millionar kroner og kommunane Kvan, Odda og Jondal må betala inn vel 55 millionar kroner seinast i 2007.

Dessutan må inntil 30 millionar kroner stillast til rådvelde av overskot på bompengeordninga for Folgefonntunnelen.

Vedtaket vart gjort mot 12 røyster frå Høgre, KrF og Pensjonistpartiet.. Dei var skeptiske til at det må lånast 218,6 millionar kroner i 20 år, i tillegg til bompengeordninga på vel 110 millionar kroner.

Samla kostnad er rekna til 529,4 millionar kroner.