Tett oppunder 700 millionar kroner. Det kan verta prisen på fylkesveganlegget Jondalstunnelen når det siste, over eitt år gamle, kostnadsoverslaget vert gjennomgått på nytt. Dersom det faktisk vert resultatet, vert det ingen stortingsproposisjon og ikkje noko stortingsvedtak på Jondalstunnelen før jul i alle fall.

Då vert Jondalstunnelen send i retur til Hordaland fylkeskommune. Utfordringa blir då å laga ein ny finansieringsplan med minst 150 millionar kroner meir enn sist.

Gjeldande finansieringsplan lyder på 529 millionar kroner. Det var fylkestingsvedtak 4. mai 2005.

Nok å gjera

Den stramme anleggsmarknaden får skulda for kostnadsauken. Alle entreprenørar har meir enn nok å gjera. Ingen treng skjera til beinet når dei reknar på anbod. Tvert om. Alle tal vert runda av oppover. Det må vegstyresmaktene ta omsyn til når dei no lagar nytt kostnadsoverslag.

— Det vi har sett i haust, er at store veganlegg har stige med 25 til 30 prosent i pris samanlikna med kostnadsoverslag frå 2006, seier Per Steffen Myhren i Statens vegvesen, Bergen distrikt.

Som med Bybana

Myhren får støtte i det synet av direktøren for utbyggingsavdelinga i Vegdirektoratet, Lars Aksnes.

— Vi går no gjennom overslaga i Vegdirektoratet. Det same gjer konsulentselskapet Métier, som kvalitetssikra kostnadene i 2006. I slutten av oktober skal vi ha eit møte og sjå kva vi kjem fram til. Men slik det ser ut, kan kostnadsauken fort koma opp i 25 prosent, slik det gjekk med Bybana i Bergen, seier Lars Aksnes.

Sterke føringar

På toppen av fylkesbygget bit dei tennene saman.

— Vi har sterke føringar frå fylkestinget på at Jondalstunnenlen skal byggjast. Så dette får vi ta som det kjem, seier fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen, (H).

Den fremste talsmannen for Jondalstunnelen i Odda, Inge Børslien, har frå no av plass i fylkestinget for Venstre. Han sender nokre lite venlege tankar til Norges Naturvernforbund, som sytte for at Jondalstunnelen vart liggjande i månadsvis i Miljøverndepartementet.

Ingenting vart endra etter gjennomgangen hjå Helen Bjørnøy.

— Utsetjinga det førde meg seg, kan lett ha kosta 100 millionar kroner, seier Børslien.

Staten skuld i utsetjinga

Sigrid Brattabø Handegard, nyvald ordførar for Sp. i Jondal, er inne på det same.

— Under den offentlege planprosessen kom ikkje Naturvernforbundet med eitt einaste innspel. Det undrar eg meg over. Først etterpå kom dei med anke. Som dei sjølvsagt hadde rett til. Men utsetjinga vi har fått no, kan ha gjort det heilt umogleg å få realisert det tunnelalternativet som vi alle meiner er det beste, men som kostar noko meir.

— Elles meiner eg at når staten har ansvaret for all utsetjing i denne saka, så bør staten også vera med å dekke prisauken, seier Sigrid Brattabø Handegard.

OMSTRIDD: På Kvinnherad-sida kjem Jondalstunnelen ut i Nordrepollen. Det har vore mykje strid om veglina gjennom bygda. Eit anna vegval som sparar bygda har vore på tale. Det kan verta vanskelegare no, om prisane stig slik det ser ut.
FOTO: STATENS VEGVESEN/TOR SPONGA