Det er truleg berre rundt ti elgdyr i Jondal. Likevel ønskjer kommunen å gje løyve til elgjakt frå hausten 2004. Eit framlegg om elgjakt i perioden 10. — 30. september og 15. oktober - 15. november er sendt ut på høyring. Viltnemnda støttar framlegget.

Skaut skade-elg

Det blei sett elg for første gong i Jondal for rundt 15 år sidan. I 1989 blei det felt ein elg som skadedyr i Krossdalen.

Ifølgje kommuneadministrasjonen tel elgstamma berre om lag ti dyr. Dei held til i området ved Vik, Solesnes, Selsvik, Svåsand og Handegard der det er god tilgong på næring. Jondal-elgen representerer til no ikkje nokon skadefare for innmark og produktiv skog.

Ettersom stamma er så liten, ønskjer Jondal kommune ei elgjakt med få jaktvald. Det kan løysast med å etablera to vald der Jondalselva delar kommunen i to. I samarbeid med grunneigarane kan det óg vera aktuelt å ha heile kommunen som eitt vald. For hjort er det 15 jaktvald i Jondal.

Høyringsfristen er sett til 30.november.

Voss størst på elg

Frå før er det elgjakt i berre sju kommunar i Hordaland (Etne, Odda, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Granvin og Voss) og fire kommunar i Sogn og Fjordane (Aurland, Lærdal, Årdal og Luster). I 2001 blei det felt 39 elgdyr i Hordaland og 13 i Sogn og Fjordane. Voss er den klart største elgkommunen her vest, i fjor blei det felt 14 dyr i Voss.