VIDAR YSTAD

Dette går fram av eit juridisk notat Fylkesmannen i Hordaland har sendt til kommunen etter at varaordførar Sigrid Brattabø Handegard (Sp) ba Fylkesmannen om råd.

Handegard hevda at ho som leiar i planutvalet i kommunen, var i sin fulle rett til å avgjere kva saker som skulle opp i planutvalet.

Sidan kommunen meiner å ha eit rentekrav på 56.000 kroner mot Hardangerskifer, meinte ho at ho kunne nekte behandling av ein reguleringsplan til fordel for selskapet, inntil kravet er betalt.

På denne bakgrunnen vart ho meld til politiet for maktmisbruk, av di Hardangerskifer gjennom advokaten sin, meiner dette er ei ulovleg kopling.

Nytt innspel

Dersom det ikkje er høve til å gjere ei slik kopling, vil varaordførar Handegard gjerne «dra den økonomiske saka (pengekravet) inn i sjølve plansaka».

Det skriv Handegard i brev til fylkesmannen.

Dagleg leiar i Hardangerskifer, Bård Sandven, steilar når han får høyre korleis varaordføraren tenkjer og resonnerer.

Advokaten hans, Endre Grande, i advokatfirmaet Thommessen, reagerer ikkje mindre:

— Dette er heilt utruleg. At kommunen ikkje forstår at ein må ta styring, men leitar etter ny måtar for å tvinge fram eit krav på.

— Etter dette er det heilt klart at varaordføraren er ugild og må vike sete i eikvar sak som gjeld Hardangerskifer for lang tid framover, seier Grande.

Klar konklusjon

Fylkesmannen er heilt klar i sin konklusjon etter at varaordføraren har presentert sitt syn på saka for fylkesmannen. Notatet frå fylkesmannen konkluderer slik:

«Plikt til å sette på sakslisten og behandle innen 12 uker. Må ta planfaglige hensyn ved realitetsvurderingen. At søker skylder penger til kommunen er et utenforliggende hensyn og i strid med myndighetsmisbrukslæren.»

Sigrid Brattabø Handegard, som er innstilt til 2. plassen på stortingsvallista for Hordaland Sp, seier til Bergens Tidende at ho ikkje vil kommentere denne saka nå. Ho seier at ein i kommunen først må avklare habiliteten hennar.