– Han vil nok vera ein god kandidat til å ta den første spurtprisen, som kjem etter tre minutt. Og så vert det spennande å sjå om han kan skaffa seg ei luke til oss and-re til Hangurstoppen, seier Kristen Skjeldal. O-løparen frå Fyllingsdalen var ein lovande skiløpar i ungdommen, men hevdar sjølv at han ikkje har hatt ski på beina sidan han studerte i Oslo i 1986.

Skjeldal ser for seg eit slikt mogleg scenario i morgondagens «Horgi opp»:

– Vi skal ikkje sjå bort ifrå at han kan vera først til Hangurstoppen (800 m.o.h.). Så må han stansa, riva av seg fellene, og renna unnabakke. For oss med slipte ski vil nok nedfarten til Store-stova ta tre minutt, medan Jon på utrente skibein truleg må ploga seg ned dei brat-taste henga her, seier Skjeldal.

I dette partiet er det venta at løparane kjem opp i ein fart på 70 km/t.

– Når han kjem ned, må han på ny leggja fellene på for å ta den siste bratte stigninga mot mål. Likevel trur eg vi bør ha eit forsprang for å klara å halda unna for han i siste henget. Så det blir spen-nande. Med Jon veit ein aldri. Han har ein kolossal kapasitet, seier Skjeldal.