Salong — 2 sveler

Dårleg. Eg venta meg mykje av salongen. Men huff og huff. Dette var ille. Salongen er mørk og har gusjne fargar. Lite triveleg, rett og slett. Ikkje «Homsepatruljen» som har innreia her, nei. Dette kunne like godt ha vore gamle «Melderskin». Pluss for storleik og flott utsikt.

Kiosk - 4 sveler

Brukbar. Kiosken skaper ingen WOW-kjensle. Heilt grei med det tradisjonelle utvalet, men med ein overfart på berre 40 minutt er det grenser for kva du har tid til å proppa i deg. Litt forvirring i søket etter kaffien.

Barneaktivitetar - 1 svele

Bånn i bøtta. Er det Ebenezer Scrooge som har styrt barnebudsjettet om bord? Kvar er leikerommet med rutsjebanen og dei fargerike ballane? Alt me fann var fire barkrakkar i ein trist avkrok framføre ein flatskjerm. Og den var til gjengjeld svart. I det minste så bør teiknefilmen koma på plass - og det raskt.

Toalett - 3 sveler

Midt på treet. Gassferjene har 13 passasjertoalett, medrekna to handikaptoalett. Grått, også her mørkt, og du må ut for å skifta meining. Og denne handfønaren er og vert ubrukeleg. For å unngå hjarteinfarkt bør du tørka hendene på buksa etter handvasken. Eller stela litt dopapir.

Støy - 6 sveler

Toppkarakter. M/F «Bergensfjord» maler som ein katt. Litt turbulens å spora i salongen, men det er fordi ferja er bygd for ein marsjfart på 21 knop. Førebels går den i den gamle HSD-ruta og gjer berre 15-16 knop.

Service - 5 sveler

Bra. Fint mannskap, både glade og fornøgde. Ikkje farleg å slå av ein prat om vêr og vind her, nei. Og er du ein asosial eremittkreps så er det ingen som plagar deg nemneverdig, heller - berre du betalar billetten.