PER MARIFJÆREN

Kommunelegen i Jølster vart landskjend sist sommar, da ei rekke klagesaker frå pasientane hans dukka opp. No får han sparken frå arbeidet sitt i Jølster.

— Det som har skjedd er heilt uforsvarleg, eg er utsett for grov ærekrenking og mobbing. Det er eit under at eg lever, seier Nordfors på telefon frå London.

Trygg på siger

Klagesakene gjeld den spesielle behandlingsmetoden Nordfors hyppig har nytta, der han meiner å kunne kurere blant anna ryggsmerter ved å massere muskelen piriformis i endetarmen.

No er det nok for Jølster kommune, som har sagt opp legen hovudsakleg med grunnlag i klagesakene. Men også legens oppførsel overfor pasientar og kommunetoppane i Jølster blir brukt som grunnlag i oppseiingsbrevet.

Oppseiinga kjem på eit tidspunkt der ingen av klagesakene mot Nordfors er endeleg avgjort.

— Som arbeidsgjevar og kommune har vi rett og plikt til å gjere ei sjølvstendig vurdering i slike saker, både for å ivareta kommunens og pasientane sine interesser. Oppseiinga kjem etter ei totalvurdering, seier rådmann Jostein By i Jølster, som er rimeleg trygg på at oppseiinga vil halde vatn dersom saka skulle hamne i retten.

— Eg føler at vi har eit godt grunnlag i denne saka, seier rådmannen til Bergens Tidende.

- Forfølgd av leiinga

Advokat Vegard Austgulen representerer Nordfors i saka mot kommunen, og stadfestar at det i forkant har vore forhandlingsmøter partane imellom. Austgulen reagerer på at kommunen brukar den måten Nordfors har reagert på etter at konflikten oppstod som eit sentralt moment i oppseiinga.

— Nordfors har etter kvart opplevd at han har vore forfølgd av personar i kommuneleiinga, og han har fortalt dei kva han meiner om det, seier Austgulen. - At han brukar sin rett til å seie ifrå, brukar kommunen deretter som enda eit grunnlag for å seie han opp.

Austgulen meiner at sjølve behandlingsmetoden som står i fokus er godt fagleg dokumentert og ikkje utgjer noko grunnlag for oppseiing, ei heller måten Nordfors har opptredd på overfor pasientane.

Krev erstatning

— Det finst ikkje noko sakleg grunnlag for å seie han opp. Han har behandla og lindra smerte for mange på denne måten, og overfor Helsetilsynet har vi gjort greie for det faglege grunnlaget. Dette dreier seg om ei vel dokumentert behandlingsform. Klagene kjem frå pasientar som i ettertid ikkje er samde i behandlingsmetoden, seier advokaten, som ser for seg at denne saka vil hamne i retten.

— Nordfors ser ikkje føre seg at han kan halde fram som lege i Norge etter dette. Vi kjem til å krevje solid økonomisk kompensasjon. Det normale er to årsløner pluss tort og svie, seier Austgulen.

Den spesielle behandlingsforma Nordfors har nytta, skal kurere ryggsmerter som ofte blir kalla falsk isjas. Dette skjer ved at legen masserer pasienten i endetarmen med fingeren.

- Psykopatiske trekk

Fylkeslege Petter Øgar sa tidlegare i haust til Bergens Tidende at Nordfors har brukt denne metoden uvanleg hyppig. Ifølgje Øgar er det usemje i faglege krinsar om kor ofte denne muskelen faktisk er årsaka til ryggsmerter.

Klagene Fylkeslegen har mottatt, går på både behandlinga og mangelfull informasjon om metoden. Fylkeslegen vil også granske om Nordfors gjorde gode nok undersøkingar av pasienten før han sette i gang med metoden.

Mikael Nordfors kom til Jølster som legevikar i fjor sommar, og vart tilsett som kommunelege i fast stilling. I førre månad fortalde han i Bergens Tidende om sitt nyskapande, virtuelle samfunnsprosjekt på nettet - nornia.com.

No er det likevel truleg slutt på praksisen i Jølster for Nordfors.

— Eg har ingen tillit til leiinga, og det er uråd for nokon å arbeide under ein sjef som har psykopatiske trekk. Da endar det med at ein sjølv blir sjuk. Eg trur knapt eit menneske kan bli utsett for noko verre, seier Nordfors til Bergens Tidende.

SLUTT I JØLSTER: Klager frå pasientar og personleg framferd er grunnar Jølster kommune nyttar for å seie opp kommunelege Jan Mikael Nordfors. Nordfors har brukt ein omdiskutert behandlingsmåte som han meiner er dokumentert effektiv mot ryggsmerter.<p/> ARKIVFOTO: PER MARIFJÆREN