TERJE ULVEDAL

Hovudkvarteret til Heimevernet på Skei har 26 arbeidsplassar, og er, med unntak av kommunen sjølv, største arbeidsgjevaren i Jølster.

— Sogn og Fjordane blir no einaste fylket utan ein einaste militærfagleg administrasjon. For meg er det eit tankekors at dette skjer i eit område som er såpass stort reint geografisk, seier ordførar Gerd Dvergsdal (Sp).

HV10, som omfattar Sogn og Fjordane og delar av Hordaland, blir i følgje gårsdagens tilråding å dele i to. Områda frå Sognefjorden og sørover blir lagt under Bergen, resten skal styrast frå Åndalsnes i Møre og Romsdal.

Jølster-ordføraren legg ikkje skjul på at ho vil føre kampen for Skei-hovudkvarteret vidare, like til Stortinget tek avgjerd, etter planen før sommarferien.

— Dette er utruleg viktige arbeidsplassar for ein liten kommune. I tillegg meiner eg nedlegging er alvorleg ut frå beredskapsomsyn. Ikkje minst fordi vi veit Sivilforsvaret er veldig lite i fylket, seier Dvergsdal.

Jølster vann på slutten av 1980-talet kampen om å bli hovudkvarter for HV10, og i 1990 blei det flunkande nye standkvarteret til 33 millionar kroner opna. Men gleda over dei nye arbeidsplassane blei snart avløyst av kamp for å få behalde dei. På dei 14 åra som har gått sidan opninga, er det no tredje gongen Skei-anlegget er trua av nedlegging.

— Denne tilrådinga kom ikkje som noko stor overrasking. Og vi har greidd å snu det før, kommenterer Gerd Dvergsdal, som alt har bedt om eit møte med forsvarskomiteen på Stortinget.