— Vi må berre konstatere at selskapet er insolvent. Gjeldspostane er for store til at det er mogleg å drive vidare. Einaste løysinga var å melde oppbud, seier Erik Mjell, advokat for innehavar Thor Solheim. Solheim har ått og drive spele- og daglegvarebutikken gjennom selskapet Opal Mat Hop Solheim T AS. Utelukkar ikkje spelargjeld Bergens Tidende avdekte i sommar korleis det på bakrommet i den vesle butikken var drive ureglementert kredittspel på hest. Det regelstridige spelet påførte Solheim milliongjeld og store økonomiske problem, fordi fleire spelarar ikkje greidde å gjere opp for seg. Sjølv nekta Solheim i BT for at det var spelt utan kontant oppgjer på førehand. Advokat Erik Mjell utelukkar i dag ikkje at Solheim har til gode pengar frå spelarar. - Det kan nok tenkjast, utan at eg har oversikta. Men det er uansett ikkje så store summar at det kan hjelpe i denne samanhengen, seier Mjell. Tippeselskapa kreditorar Butikken stengde døra før helga. Det skal no oppnemnast ein bustyrar som skal gå igjennom verdiane i selskapet og skaffe seg oversikt over gjeldskrava. - Grossisten Asko Vest, Rikstoto og Norsk Tipping er truleg dei største kreditorane, seier advokat Mjell, som ikkje vil antyde kor store summar det er snakk om på kvar enkelt. Thor Solheim var sjølve kongen blant norske Rikstoto-kommisjonærar. Han var i fjor landets største, målt i omsetting, med mellom 25 og 30 millionar kroner. I tillegg hanka han inn fleire eventyrlege milliongevinstar med tippelaget sitt ý sist no i februar, då dei vann 13,6 millionar kroner. Samanliknar med underslag BT skreiv i sommar også at Solheim hadde hatt hemmelege gjeldsavtaler med Norsk Rikstoto, noko Solheim sjølv nekta for. No vedgår advokat Mjell at desse fanst. - Det har vore fleire avtaler frå i vår og sommar med Rikstoto. Men no hadde vi ikkje lenger noko å tilby frå vår side. Gjelda var uansett for stor, seier Mjell. I Norsk Rikstoto vil dei ikkje kommentere kor mykje dei har til gode av Solheim. Veka før konkursen vart det spelt på hest for ca. 900.000 kroner ved Joker Hop. Fleire hundre tusen av desse kronene skal aldri ha nådd kontoane til Norsk Rikstoto. - Vi ser på den juridiske sida av saka, og på korleis vi skal drive inn kravet vårt. I utgangspunktet er det ei kriminell handling å ikkje betale speleomsettinga inn til oss. Det kan samanliknast med underslag, seier administrerande direktør i Norsk Rikstoto, Erik Mietle.Opal Mat Hop Solheim T AS omsette i 1999 for 8,9 millionar kroner, og hadde eit ordinært resultat på 250.000 kroner etter skatt.Butikken heldt til i leigde lokale på Hop, og dei faste verdiane i selskapet skal vere minimale. BT fortalde i sommar om gjeldsvanskane og det ulovlege kredittspelet ved Joker Hop.