Tidleg torsdag morgon tok matmor Silje Instenes Bakke imot vårens første lam heime på Alsaker på Nordfjordeid.

— Eg blei ganske overraska då eg oppdaga at han berre hadde tre bein, seier Bakke.

Den nyfødde krabaten fekk straks tilnamnet Johnny-Johnny.

— Eg må berre spørje. Kvifor akkurat dette namnevalet?

— Du veit, Johnny-Johnny utan armar og bein. Vi tykte det var eit passande namn, seier matmora.

Nært forhold

Ho bur på Alsaker saman med mannen Petter Bakke og sonen Theodor på snart to år. Alle tre har blitt svært glade i sjarmøren på tre bein, som Fjordabladet fortalte om i dag.

— Han har trengt litt ekstra omsorg og då blir ein meir knytt til han. Eg kjenner meg som ei ekstra mor, seier Bakke.

Og «Johnnyen» klarer seg godt.

— Det tok lang tid før han kom seg på beina, men no går det veldig bra. Mora er veldig flink med han og maste på han for å få han til å stå.

Så glad har sauemor «Tollo» blitt i Johnny-Johnny at ho overser den andre sonen sin. Ho vil helst at berre Johnny-Johnny skal få suge mjølk.

Sjølv har Bakke vore ute i fjøsen til han kvar time for å hjelpe til med opptrening av den eine bakfoten. Då han blei sterk nok kom han seg på beina.

Gir dyra ein sjanse

— No fungerer han som eit vanleg lam, berre på tre bein. Eg er veldig redd for at han skal få vondt i ein anna fot, men så lenge han har det bra skal han få leve, fortel Bakke.

Dei fleste bønder ville nok ikkje gitt Johnny-Johnny ein slik sjanse. Men matmor Bakke har tatt vare på dyr med handikap før.

— Eg har ei kanin som brakk begge beina som liten. Eg tok ho med til dyrlegen og fekk spjelka begge beina. No hopper ho rundt, fortel Bakke.

Johnny-Johnny har bra med selskap på garden. Her fins minigrisar, kaninar, hund og katt så vel som sauer. Men ingen har like spreke namn som lammet med tre bein.

Ytterst sjeldan

– Ein slik skavank er svært uvanleg. Eg har jobba som praktiserande veterinær i mange år, men har aldri sett noko slikt. Det seier Tormod Mørk, leiar for seksjon for produksjonsdyr på Veterinærinstituttet i Oslo.

Han seier lam som Johnny-Johnny kan leve eit fullverdig liv dersom det vert lagt til rette for det.

– Det vil vanlegvis klare seg med tre bein viss den elles er funksjonsdyktig. Men lammet kan ikkje sleppast på utmarksbeite, seier Mørk.

Med tre bein er dyret likevel meir utsett for skadar, fall og overbelastning.

Kommentarar? Skriv gjerne eit par ord i feltet under!

Silje Instenes Bakke