Ein gummibåt vart laurdag morgon forsøkt stolen frå ei båtforeining i Møllendalsveien. Gjerningsmannen saga over ein wire, men blei oppdaga og stakk frå staden.

Tjuven hoppa over eit gjerde og sykla av gårde, men då greip ein joggar inn og dytta mannen overende.

Gjerningsmannen klarte likevel å springa frå åstaden, medan sykkelen låg igjen.

Operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt, Gustav Landro, omtalar opptrinnet som eit kreativt innslag.

— Folk som grip inn får likevel ta det med ro, og ikkje dytta for hardt, seier han.

Politiet fekk melding om tjuveriforsøket ti over ni laurdag morgon, og sendte åstadsgranskarar til staden for å sikra DNA-spor frå sykkelen.

Tips om saka? Send MMS/SMS til 2211, eller skriv e-post