OVE ARNE OLDERKJÆR

— Maskinen gjer jobben nett slik eg bestemmer på dataanlegget. Det finst nesten ingen grenser, seier Skaar idet han på fem-seks minuttar fresar ut sirleg nøyaktige BT-initialar til ære for avisa.

Mot mange odds driv 48-åringen einmannsbedrifta si i gamlemeieriet på Håfoss i Etne vidare. Eit fall for tre år sidan gjorde han 100 prosent ufør. Men Skaar vil heller jobba enn å ta imot trygd.

Eigen stå-på-vilje og trygdeetaten si støtte til ein datastyrt fresemaskin har sett John Magne Skaar i stand til å halda fram produksjonen i firmaet Jons Byggdekor.

Slapp taket i trygda

Med den italienske vidundermaskinen, ei dansk programvare og godt norsk furuvyrke tryllar John Magne Skaar fram dekorskilt, skapdører, gelender, lister, bogar, pynteklossar og knektar for husvindauge og dører.

Maskinen har Skaar hatt sidan årsskiftet. Trenden med meir trepynt på hus, hytter og terrassar har skaffa han godt med oppdrag. Han er fast leverandør av skapdører til ein kjøkenprodusent. Arbeidsmengdene aukar slik at Skaar vurderer å tilsetja folk.

— Utan støtta frå trygdekontoret hadde eg aldri fått dette til, seier Skaar.

Maskininvesteringa er på nærmare ein million kroner, trygdeetaten har skote inn fleire hundre tusen. Skaar ønskjer ikkje å røpa summen.

Samstundes som han har fått eit stort tilskot frå trygdeetaten gjennom ordninga for arbeidsplasstilrettelegging, sparar Skaar samfunnet for trygdeutbetaling.

Tilskotsordninga innebar at han måtte gje avkall på all trygd.

— Det var å kasta seg på djupt vatn. Men eg var heldig som møtte positiv vilje då eg ville halda oppe arbeidsplassen min.

Fall på glattisen

John Magne Skaar frå Odda kom til Etne som sveisar. Då den mekaniske verksemda gjekk konkurs, ville 48-åringen gjera ein gammal hobby om til yrke.

Det gamle meieribygget ved E 134 på Håfoss hadde han kjøpt i 1989. Der har han rigga til husvære for seg og familien i andre høgda.

Berre eitt år etter at Skaar for fire år sidan starta snikkarverksemda, fall han på glattisen og skadde olboge og skulder.

— Eigentleg inga alvorleg ulukke, men senar og musklar blei rivne av og strekte. Fleire operasjonar har hjelpt, men langt frå teke vekk smertene, seier Skaar, som går konstant på smertestillande medikament.

— Jauda, eg merkar det. Gløymer eg meg ut og brukar armane for mykje, så må eg kvila i fleire dagar for å ta meg inn att. Men heldigvis gjer fresemaskinen 90 prosent av det fysiske arbeidet i produksjonen. Dessutan ønskte eg ikkje å gå på uføretrygd, seier John Magne Skaar.

FRESEVIDUNDER: Trygdeetaten si støtte til John Magne Skaar sitt vedunder av ein fresemaskin set 48-åringen i stand til å driva einmannsbedrifta vidare.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR