No må mannen i fengsel, sjølv om rettens fleirtal kom til at han ikkje har handla i vinnings hensikt.

Medan fagdommar Chriss Bjorøy i Fjordane tingrett ikkje trudde på mannens forklaring i retten, festa dei to lekdommarane lit til at han ikkje hadde oppfatta reglane for tildeling av dagpengar. Dermed slapp mannen dom for å ha handla forsetteleg med vinnings hensikt. Likevel må han sone 30 dagars fengsel for å ha utvist svært grov aktløyse.

Saka starta hausten 2003, da 38-åringen søkte elleve månaders permisjon frå stillinga i Posten i Oslo for å ta seg av ein nær slektning i Florø som var blitt sjuk.

På vårparten 2004 var slektningen blitt såpass bra at mannen starta i arbeid igjen, men han heldt likevel fram med å sende inn meldekorta til Aetat. Dermed fekk han utbetalt tett oppunder 97.000 dagpenge-kroner fram til den opphaveleg planlagte permisjonstida gjekk ut.

Oppdaga ved tilfelle

Forholdet vart oppdaga ved eit tilfelle i Aetat, da mannen gløymde igjen kopi av ein lønslipp han hadde fått kopiert på kontoret i Florø.

I retten hevda mannen, som er av utanlandsk opphav, at han hadde fortald Aetat om det gjenopptatte arbeidet i Posten. Likevel fekk han framleis tilsendt meldeskjema. Dermed skal han ha trudd at slik skulle det vere, trass i at han svarte «nei» på spørsmål om han var i arbeid.

Vitna frå Aetat hevda på si side at tiltalte hadde fått grundig innføring i reglane for dagpengestønad.

Sjølv om lekdommarane i motsetnad til fagdommaren trur på tiltaltes forklaring, meiner dei at handlemåten hans representerer eit «markert og kvalifisert avvik frå det forsvarlege, og at (¿) tiltalte har handla grovt uaktsomt.».

Medan aktor kravde 75 dagars fengsel, fann retten utfrå dette at 30 dagar utan vilkår er rette straffa for den grove aktløysa.