LENA VERMEDAL (tekst og foto)

Sagvåg

— Vi skal kriga mot russen, seier Joar med glimt i auge.

— Korleis?

— Då kastar me egg på dei, kjem det kjapt frå tolvåringen.

— Er ikkje det farleg, då?

— Me får jo igjen, ler Joar.

Han har nettopp stilt inn kastearmen. Med eleganse og god treffprosent landa hesteskorne hans på pinnen ved Tjødnalio skule i Sagvåg.

Verken han eller dei andre staskledde barna ensar pøsregnet eller gradestokken som berre syner åtte grader.

— Vêret kunne kanskje vore betre, seier Joar, medan han får seg ein premie for hesteskokastet.

I går var det fellestog for alle bygdene i Sagvåg Det blei ei lang og våt ferd for både små og store. Våte bunadsstakkar og paraplyar i alle fasongar og farger sette sitt preg på toget.

Etterpå trekte dei fleste vaksne inn i varmen på dei respektive skulane - klare for kaffi og kaker. Barna på Tjødnalio skule derimot heldt koken ute på ballplassen.

Martin Vevle, snart fire år, var ein som visste å springa potetløp. Med stor innsats samla han potetar som låg på bana. Dei to siste tok han like godt i same slengen og kom i mål med eit stort glis.

— Eg plukkar potetar, seier han.

— Kva er best med 17. mai, vil BT vita.

— Is og pølse.