Dei fekk seg ei stor overrasking, banemannskapet som i dag tidleg kom på jobb på Sogndals heimebane. 100 bilde av den avdøde vokalisten i legendariske The Doors var laga på tribunar, reklameskilt, kontorbygg og lysmaster. Ja, til og med taket på storhallen har fått sitt portrett av amerikanaren som døydde i Paris sommaren 1971. Alle bilda av rocke-rebellen er laga med spraylakk.

Ansvarleg for anlegga på Fosshaugane, Per Rygg, seier til NRK Sogn og Fjordane at han ser humoren i det som har blitt gjort. Men skadene er så store, at han vil melde saka til politiet.