I tillegg manglar bøndene framleis mange dyr etter helgas sauesanking. Gardbrukarane meiner ein jervefamilie har etablert seg i området, og kjem til å søkje jaktløyve.

Tidlegare i sommar slo jerven til i Jølster. Alt tyder på at rovdyret, som alt har vore på plass i Indre Sogn i fleire år, no trekkjer vestover.