ARNE HOFSETHarne.hofseth@bt.no

– Til no har utrangerte jernbanevogner gått til spiker. Opphoggarane betalar 5000 kroner vogna. Kvifor ikkje tena litt meir, til gagn for skattebetalarane? seier materiellsjef John Ove Svendsli til Bergens Tidende.

Han meiner at ei vanleg passasjervogn kan gje NSB mellom 50.000 og 100.000 kroner. Kafete-riavogner og utrangerte lokomotiv blir nok dyrare.

Tilbodet har gått ut på heimesida www.train4sale.com.

– Eg har fått tett innpå 20 elektroniske svar, og interessa er aukande, fortel Svendsli.

– Kva vil folk bruka rullande jernbanemateriell til?

– Det sprikar stort. I Aust-Europa er det aktuelt å setja vognene inn i vanleg jernbanetrafikk. GM-gruppen og tilsvarande organisasjon i Sverige kjøper også gamle vogner til sine nostalgiske charterreiser på jernbanenettet. Andre vil ta vognene av skinnene og plassera dei i hagen eller andre stader, som alt frå leikehus til originale restaurantar. Har kan gutedraumar oppfyllast, kommenterer Svendsli.

– Skapar du hovudbry for mange bygningsråd rundt om i landet?

– Det kan godt henda, men slikt må kjøparen ordna med sjølv.

Det er NSBs overgang frå «skikkelege» tog med lokomotiv og vogner til moderne motorvogn-sett (Signatur, Agenda og Puls) som gjer svært mykje togmateriell overflødig. Gamle vogner kan ikkje setjast inn i slike sett, sjølv om trafikken tilseier det.

– I moderne togdrift er det ikkje tid til skifting. Det er meir rasjonelt å «snu» toget ved at lokomotivføraren går frå eine enden av togsettet til den andre. Varierande trafikk, til dømes i helgane, må dekkjast opp med ekstratog, seier Svendsli.