— Det stemmer at vi gav bod på ein bustad på Finse, stadfester regiondirektør Truls Erik Hegrenæs i Jernbaneverket overfor Bergens Tidende.

— Vi vil gjerne kunne innlosjera mannskap i samband med snøberedskap, avvikssituasjonar og lokale prosjekt, forklarer han.

Staten alt saman

— Men er det ikkje Staten som i røynda eig både NSB og husa på Finse?

— På sett og vis. Men i 1996 delte NSB og Jernbaneverket fellesbuet. NSB fekk verdiar som dei kan omsetta, og dermed tilføra verksemda frisk kapital. Jernbaneverket gav bod på ein bustad på Finse, men nådde ikkje opp i konkurransen med private investorar, fortel Hegrenæs.

Han meiner det ville vera feil å bruka av Staten sine pengar til å by over dei private, og seier seg lei for at NSB ikkje ville selja ein bustad til Jernbaneverket til ein «fornuftig» pris.

— Kan NSB også selja stasjonsbygningen til andre?

— Det vil eg sjå på som brot på intensjonsavtalen om sal av alle jernbanestasjonar til Jernbaneverket. Vi vonar at dette slår til. I motsett fall står Jernbaneverket utan losji på Finse, seier regiondirektør Hegrenæs.

NSB treng beredskapen

— Denne saka må vi finna ei løysing på, seier informasjonsjef Audun Tjomsland i NSB til Bergens Tidende.

— Det er klart at vi i NSB treng Jernbaneverket sine folk på Finse til brøyteberedskap og avvikssituasjonar, understrekar han.

— Var det ikkje like greitt å la dei få tilslaget på ein bustad, sjølv om andre baud over?

— Vi var i ein tilbodssituasjon, og det ville vore urimeleg om ikkje høgstbydande fekk tilslaget. Eg veit i dag ikkje korleis vi skal ordna dette, men vi må berre finna ei løysing, seier Tjomsland.