Den flunkande nye plattforma er 75 meter lang.

— Poenget med å laga ny plattform var nettopp at vi skulle få attende stopp på dagtoga, tog 601 og 602, seier leiaren for Upsetedalen Vel, Christian Sætersdal.

Avslag

Men direktør Tom Ingulstad i NSB si trafikktryggleik- og operatørforvaltning hevdar i avslaget at kravet om forlenging av plattforma frå 33 til 75 meter vart sett for å kunne vidareføra stopp for lokaltog.

— Dette er blitt reine farsen. Det har aldri vore snakk om å kutta lokaltogstopp på Upsete. Problemstillinga var å kunne halda fram med stopp for regiontog, på dispensasjon. Her oppfyller ein krava i ein tryggleiksanalyse, men så dukkar det opp ein ny analyse rett før arbeidet er ferdig. Slikt går ikkje an, seier Sætersdal.

NSB sløyfa togstopp for aust- og vestgåande dagtog på Upsete frå november 2006. Dermed er det berre to daglege stopp med lokaltog der, klokka 10.43 austover og 11.14 vestover. Hytteeigarane frå Oslo må dermed overnatta på Voss eller i Bergen, eller gå av nattoget på Myrdal klokka 04.45 om natta og venta i meir enn fem timar på den fire minutt lange lokaltogturen vidare til Upsete.

Nye reglar

Bakgrunnen er ein ny tryggleiksforskrift som Jernbanetilsynet har fastsett. Her er det eit krav at plattforma skal vera like lang som toget, nærare bestemt frå fremste til bakarste dør som passasjerane kan opna. Vel 150 stasjonar i landet oppfyller ikkje dette kravet, men er gitt tidsavgrensa dispensasjon der NSB og Jernbaneverket ynskjer det, så dei kan få tid til å gjennomføra tiltak.

For Upsete og fem andre stasjonar er det ikkje søkt om dispensasjon.

Dagtoga kunne ha stogga på Upsete i vinter dersom det hadde vore søkt om dispensasjon på line med dei fleste andre. Det får Bergens Tidende stadfest av direktør Erik Ø. Johnsen i Jernbanetilsynet.

Livsfarleg

Plattformer som er kortare enn toget, kan vera livsfarlege, meiner Jernbanetilsynet.

— Vi risikerer at passasjerane stig ned på ei plattform som rett og slett ikkje er der. Farleg terreng kan vera gøymt av snø, folk kan vera ukonsentrerte eller svaksynte, seier Johnsen.

NSB og Jernbaneverket konkluderer med at det er uforsvarleg å stogga med inntil 235 meter lange regiontog når styresmaktene skjerpar krava til tryggleiken på plattformer. Dei har gjort ei særskilt tryggleiksvurdering for Upsete

Eit alternativ til å bygga 235 meter lange plattformer alle stader, er å utstyra toga med nye dørlåsar, slik at konduktøren styrer kva dører som kan opnast. Dette er aktuelt for togvognene som NSB no har under ombygging og oppussing.

— Dersom dette går i orden, skal vi vurdera togstopp på Upsete frå vinteren 2008-09, lovar direktør Ingulstad i NSB.

Livsfarleg tryggleik

– Jernbanetilsynet sine nye tryggleikskrav kan setja liv og helse på spel, meiner leiar av Upsetedalen Vel, Christian Sætersdal.

Til vinteren går det berre eitt lokaltog frå Voss til Myrdal og attende. Stig du av toget på Upsete, og det blir uvêr, går det eit døger til neste tog stoggar. Det får folk til å legga ut på hasardiøse skiturar mot Mjølfjell. I venterommet på Upsete er overnatting og matlaging forbode.

– Kva slags tryggleik er det å frakta folk til fjells, og ikkje ta ansvar for å få dei ned att, sjølv i naudsituasjonar? spør Sætersdal. Han er opprørt over at plattformlengda kan vera påskotet.

Lokomotivførarane kan risikera politietterforsking, påtale og straff dersom dei køyrer forbi hjelpelause menneske, men risikerer jobben om dei stoggar ved den 75 meter lange plattforma på Upsete og tek opp forkomne skiløparar.

Lokomotivførar Ove Frekstad omtalar dilemmaet som provoserande ansvarsfråskriving av Jernbaneverket, Jernbanetilsynet og NSB i årets første nummer av Lokomotivmands Tidende.

Frekstad stogga på Upsete i fjor og tok opp ein våt og kald skiløpar som skulle til Kaldevasshytta, men måtte gjera vendereis. Han hadde venta i fire timar på toget, som etter hans rutetabell skulle stogga ved behov. Men dette var endra, og skiløparen måtte ha venta i 15 timar til på eit lovleg togstopp.

KØYRER FORBI: Stig du av toget på Upsete i vinter, går det eit døger før det neste stoggar, uansett vêr og skiføre.
Sævig Rune