På den andre sida må fem gjesterom i den eldste fløya av hotellet ofrast til ny matsal, for å auka restaurantkapasiteten.

Leigeavtale mellom hotellet og NSB er underteikna for 20 år, med høve til forlenging.

Brubygging

— Vi har eit sterkt ynske om å få bygga ei overbygd og varmeisolert gangbru mellom tredje høgda i hotellet og andre høgda i stasjonsbygningen, fortel hotelldirektør Knut Kettermann på Fleischer's til Bergens Tidende.

Han deler dette ynsket med regionsjef Jan Roald Myking i Aberdeen Property, selskapet som NSB har hyrt inn som eigedomsforvaltar. Difor er brukostnadene rekna med i ombyggingsprosjektet til 20 millionar kroner.

— Dette er godt nytt for Voss. Vi skal strekka oss så langt vi kan for å få til ei løysing, seier varaordførar Kjellaug Ekse Brekkhus.

Fløyen nærast Fleischer's er bygd mot slutten av 1940-åra. Difor støyter ein neppe mot uoverstigelege vernereglar. Den innvendige ombyggiga omfattar også fløya frå 1909. Alle partar er opptekne av at prosjektet skal få ei framifrå arkitektonisk løysing.

— Det vi bygger skal ta seg fint ut, forsikrar hotelleigar Gerd Fleischer Tønjum.

I alle fall skal den nye hotellavdelinga ha inngang direkte frå jernbaneperrongen via den tidlegare Narvesenkiosken.

Med badekar

— Dei 25 nye gjesteromma får om lag 50 senger. Det største blir eit familierom på bortimot 60 kvadratmeter, fortel sals- og marknadssjef Erik Østli på Fleischer's.

Han har alt «selt» dei første overnattingane.

— Vi har siste året gjort salsframstøytar mot Russland, Tyskland, Danmark og Asia. Det vi har lært om asiatar, tilseier at alle hotellromma i stasjonsbygningen må ha badekar, ikkje berre dusj, seier Østli.

— Målet er 10.000 nye gjestedøger, i tillegg til dei 52.000 vi har no, supplerer Kettermann.

Liv i gamle bygningar

— NSB er sterkt interessert i at det blir nytt liv i dei gamle jernbanebygningane, seier Jan Roald Myking.

Dei to aktuelle etasjane i Voss jernbanestasjon er innreidd med små overnattingsrom for jernbanetilsette på tenestereiser. Nokre av romma er nytta til opphaldsrom kontor og lager, resten har stått tomme i årevis. Dei som må flytta ut, får nyoppussa lokale i underetasjen og i eit hus attmed lokomotivstallen.

— Vi ser fram til at det kan koma lys i vindauo att, seier Myking.

Arne Hofseth