Stemninga er munter på Husmannskrokjen kafe i Eikelandsosen, der husmannskosten komle, som raspeballar vert kalla her inne, vert fortært saman med framlegget om høgfarts jernbanering for Sør-Noreg.

Verdas navle

At den vesle tettstaden i Fusa er tilgodesett med jernbanestasjon, er berre forbokstaven. Eikelandsosen blir reine knutepunktstasjonen dersom Øyvind Halleraker og Jon Hamre sine visjonar om høgfartsjernbane, som BT omtala i går, slår til.

Her skal Bergen knytast til den store ringen, og her blir det togbyte for dei som dei som vil ta toget frå Stord til Oslo, eller frå Voss til Stavanger.

Torill Helland, Else-Karin Helland og Kirsten Samnøen let husmannskost vera husmannskost på ein dag som denne, og har forsynt seg frå kakedisken.

– Det skjer neppe i vår tid, men Eikelandsosen vert verdas navle. Hallo!?! Vi må ha trua på oss sjølve. Det nyttar ikkje å lita på andre, i alle fall ikkje dei i Oslo, seier Torill Helland.

– Vel, no ser det ut til at arbeidet på biltunnelen Helland-Havsgård startar opp, og gir riksveg 48 brukbar standard gjennom Fusa, minner svigerinne Else-Karin om.

– Med jernbane i tillegg, kan det bli i meste laget. Men vi er klare til den første togturen, skøyar Kirsten Samnøen.

Ved Indianarhaugen

– Jernbane? Her? Har du sove godt i natt?

Malvin Lund ser forbløffa på ordførar Hans Vindenes. Inger Lundervik veit heller ikkje kva ho skal tru. Ordføraren har fått planleggar Jon Hamre til å peika ut plasseringa av den påtenkte Eikelandsosen jernbanestasjon, i lia ovanfor tettstaden. Høgfartslinene mot Bergen, Oslo og Stavanger skal møtast i marka ovanfor Luo. Lund og Lundervik blir næraste naboar.

– Stasjonen må vel ligga der, oppunder Indianarhaugen, peikar Lund.

Oppe i lia stig ein høg bergknaus til vêrs mellom trea. Det minner ikkje så lite om ei prærieklippe frå indianarfilmane.

– Bekken som renn forbi, heiter Koldalselva, i grensa mellom gardane Lund og Koldal. Jernbanen vil venteleg krevja utmark frå begge gardane, seier Lund.

Det uroar ikkje ordføraren.

– Held du tog og skinner, så skal eg syta for grunn, og ein kjapt gjennomført reguleringsplan, seier Vindenes til Jon Hamre.

Ordføraren var ein av få i Fusa som ikkje vart forbløffa då han opna Bergens Tidende i går, han var informert på førehand.

– Dei synest å ha god tru på at dette skal dei få til, seier Vindenes.

Også den konkurrerande Haukelibanen har stasjon i Eikelandsosen i eit av alternativa.

UNDER INDIANARHAUGEN: Inger Lundervik og Malvin Lund blir naboane til stasjonen ved Eikelandsosen. Dei lurer på om ordførar Hans Vindenes (i midten) fær med bløff. FOTO: JAN M. LILLEBØ
Lillebø, Jan M.
EI KAKE VERD: Jernbanestasjon i Eikelandsosen er kanskje utopisk, men at tanken er lansert, må kunne feirast, meiner (f.v.) Torill Helland, Else-Karin Helland og Kirsten Samnøen. FOTO: JAN M. LIILEBØ
Lillebø, Jan M.