Samanlikna med i fjor har jentene erobra nye skansar på kostnad av gutane. Det viser statistikken over karakterane ved alle dei vidaregåande skulane i Hordaland. Gjennomsnittskarakter i standpunkt for alle fag var 3,95 for jentene, mens gutane fekk 3,72. Nokolunde same differansen finn vi på snittkarakterane ved eksamen. Jentene fekk eit snitt på 3,54, mens gutane måtte nøya seg med 3,29.

Både på standpunkt— og eksamenskarakterane har jentene gjort det best i alle fag. Det er berre på standpunktkarakteren i kjemi at gutane klarer seg like godt som jentene. Her har nemleg begge kjønn same snitt. Men ved eksamen har jentene gått forbi gutane òg i kjemi. I fjor var kjemi og biologi dei einaste faga gutane var betre enn jentene. I år var jentene klart betre òg i biologi, både på eksamen og standpunkt.

Norsk og matte

Størst skilnad mellom kjønna finn vi i norsk hovudmål der jentene har eit snitt på eksamen på 3,69, mot gutanes 3,24. I standpunkt for hovudmål var skilnaden 0,28 karakterpoeng i favør jentene. I eit tradisjonelt mannsdominert fag som matte er jentene klart best. Det mest avanserte mattefaget i vidaregåande skule, 3 MX, gav jentene eit standpunktsnitt på 3,79, mot gutanes 3,39. Ved matteeksamen var skilnaden mindre, men jentene hadde eit snitt som låg 0,1 karakterpoeng høgare enn gutane.

Jenter jobbar betre

Rektor Gunda Falao Sparre ved Bjørgvin videregående skole meiner desse resultata kjem av at jenter er meir pliktoppfyllande, og ofte ærekjære.

— Jenter jobbar kanskje generelt meir enn gutar. I utgangspunktet har begge kjønn eit nokså likt potensial. Men det at jenter får betre karakterar kan kanskje ha med at jenter generelt har mindre sjølvtillit, og difor ikkje tar noko for gitt. Gutar trur dei veit og kan, mens jenter meir er av den oppfatning at dei må jobba for å klara seg, spekulerer Gunda Falao Sparre.

Ho ser jentene si erobring av dei tunge realfaga som ein følgje av dette.

— Før var jenter redd for matematikk og fysikk, men no har vi fått ned barrierane. Dermed ser jentene at det ikkje er så vanskeleg som dei trudde, og arbeidar godt for å oppnå resultat, trur Sparre.