• Det er dette vi vil drive med, tenkte kvinnene i Vestby skulekrins på Holsnøy. Så gjorde dei akkurat det.

På få år har 11 kvinner etablert sine eigne arbeidsplassar. Resultatet er pelskledde silkehøns, baksteverk, brukskunst og blomar og antikvitetar. Resultatet er gutane som stikk innom Holmehuset etter skuletid for å kjøpa is, endå Adelin Olsen sel blomar og interiør og eigentleg ikkje mat. Trur folk.

Men skulegutane veit betre. For Adelin har både blomar og interiør og is og bollar frå Judith Odlands heimebakeri. Dessutan har ho tid til ein prat. Difor droppar gutane skulebussen, tek beina fatt og stikk innom Adelin på heimvegen.

— Adelin er grei, smiler dei.

Treng fleire arbeidsplassar

Gjennom nettverk som Forsøksringen og privatinitiativet Vilja har kvinnene i Vestbygd skulekrins starta eigne føretak. Andre har fiksa alt åleine. Og no sit dei her på loftet i Holmehuset, innhylla i lukta av skillingsbollane til Judith Odlands heimebakarar. Åtte glade kvinner som ein dag lét att auga og gjorde nett det dei hadde lyst til.

— Målet er å skape fleire arbeidsplassar på bygdene, framfor å vere ein soveby for Bergen, ivrar prosjektleiar Liv Hopland van der Kooij frå Kvinnelandbruk i Nordhordland.

Liv er bonde og ihuga pådrivar for å puffa kvinner til å gripe livslukka sjølv - ikkje vente til ho bankar på døra. Sjølv overtok ho garden som tjueåring.

— Eg hadde abstinens kvar fredag. Var vant med å dra til byen på dans. Men det gjekk jo bra, skrattar ho.

— Fordelen med å starta opp sjølv er at eg er tilgjengeleg og kan styre tida mi. Kanskje det er stikkordet? Å vere tilgjengeleg. Ha tid til å oppdra barna sjølv, seier Adelin.

Dei andre nikkar. Å starte føretak er ingen ni til fire-jobb, men sidan dei kjenner folk i kommunen og alt er så nært, går det ikkje så verst, tykkjer Judith.

— Eg kjenner meg ikkje igjen der! Garden var så langt nede at det er eit slit å kome opp. Eg har ikkje midlar nok til å nå dit eg vil, klagar Cecilie Brandt frå Tråpo gard.

Ho må slappe av, trøystar dei andre. Ho er ung. I startfasen. Det losnar.

Spådom i særoppgåve

Klart det skal gå. Det Cecilie manglar av ressursar tek ho igjen i arbeidsinnsats. 28-åringen frå Fyllingsdalen elskar dyr. Ho har 300 av dei. Kaninar, silkehøns, muldyr, ponni, hundar, kattar, geiter, kalkunar, finkar, marsvin, minigriser, ilderar ... Tråpo gard er eit Mekka for dyrefans. Søster til Cecilie plar spøkje at det byrja med ei særoppgåve.

— Eg skreiv ein gong at eg skulle bli bonde med eigen gard, ler Cecilie.

— Eg tykkjer det er «kjempe» å bu her. Har fått det som eg vil, men det er ein heildøgnsjobb. Mjølkebønder har faste tider. Eg har fødslar heile tida!

Sambuaren til Cecilie overtok garden for to år sidan. Ingen av dei hadde erfaring anna enn frå dyrebutikk. No driv dei avl og tilbyr besøksdagar.

— Det er topp å jobbe med dyr og menneske. Eg kan ikkje tenkje meg anna.

Ingen av kvinnene her kan visst det. Dei er nøgde med tilværet.

— Eg er lukkeleg. Eg veit at eg har gjort det riktige med å hoppe av og starta dette. Men eg saknar veldig å ha koller, betror Adelin.

— Kva er det beste ved livet ditt?

— At eg er fri! Og at eg er tilgjengeleg for ungane mine. Eg har følgt draumen min. Men det er ikkje noko glansbilete. Det er ingen ni til fire jobb. Eg er veldig medviten at eg ikkje skal ta jobben med meg heim om kvelden.

Det er eit år sidan ho overtok drifta av Holmehuset. Det skal bli fleire.

— Eg er meir trygg på meg sjølv. Eg veit at eg kan dersom eg vil.

Svalestup og seier

Filtmakar Anne Synnøve Johnson er ferdig med stressfasen. Ho har drive med filt i nesten 20 år, gjekk på etablerarskule og starta eit kvinnenettverk.

— Dei andre gjekk lei, det var verken til å leva eller dø av. Men eg ville ikkje gje meg, fortel eigaren av Sareptas Krukke.

— Eg følgjer med på året. Ser på svalene. Det er masse svaler her. Eg går tur med hunden og får inspirasjon. Sjøen og utsikten her er fantastisk.

Det eg saknar er å ha ein kafé her der ein kan gå og eta.

I hennar eldgamle hus ved sjøen dett verda på plass. Klokkene tikkar saktare her.

— Det er eit godt liv, men eg vert ikkje rik av det. Kvardagen er kjempeflott. Eg sit og lyttar på radio. Eg må vere aleine for å klare å laga noko. Spesielt når ein lagar bilete må ein konsentrere seg og ha ro. Men eg saknar jo andre av og til.

Da er det bra å samlast i Holmehuset til ein prat.

— Når ein vågar å etablere seg er det fordi ein har noko å gje. Du har noko å tilføre miljøet.

Typisk kvinner. Å tilføre miljøet noko. Mens menn er meir opptekne av business, konkluderer jentejuntaen.

— Vi støttar oss til kvarandre. Vi er undervegs.

Kvinnelandbruk i Nordhordland held etablerarmøte «Etablerar i magen eller berre nysgjerrig …» torsdag kveld kl. 19.30. Interesserte kan møte opp i Bestefarstova på Hjelmås Hestesenter, Lindås.

GRÜNDERKVINNER: Kvinnene i Vestbygd Skulekrins i Meland lar det gå sport i å starte eigne føretak. F.v. Gullsmed Hilde Rønning Rongevær (36), filtmakar Anne Synnøve Johnson (50), bruktbutikkeigar Kristin Hopland (38), blomster- og interiørbutikkinnehavar Adelin Olsen (38), Mona Rosvold Bauge (44) frå Quiltekroken (opnar i dag), gardbrukar Liv Hopland van der Kooij (42) og dyreentusiast Cecilie Brandt (28). Framme f.v.: Grethe Marit Kjeilen (41) frå Quiltekroken og hjemmebakeridrivar Judith Odland (38).
FOTO: ELLEN LANDE GOSSNER