Jenta var på trening med alpingruppa i Stryn IL då uhellet skjedde. Augnevitne har fortalt at jenta miste kontrollen over skia då ho skulle ta ein sving. Ho forsvann ut av den preparerte traseen og rende med stor fart inn i ein lyktestolpe. Jenta, som er frå Indre Nordfjord, blei frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus.

— Då vi kom fram såg det svært alvorleg ut. Men tilbakemeldingane vi har fått går ut på at det står bra til, og at jenta vil sleppe frå uhellet utan varige skader, opplyser politibetjent Laila Fuglestein.

Niåringen har brote eit bein, fått slått ut nokre tenner og har også brotskader i kjevepartiet.

Til Bergens Tidende seier Fuglestein at hendinga vil bli etterforska på vanleg måte. Men at politiet så langt ser på saka som eit hendeleg uhell der ingen er å laste.

— Masta jenta køyrde inn i var polstra på forskriftsmessig måte. Så langt ser det ikkje ut til at det har vore noko klanderverdig, seier Fuglestein.