Jenta, som er elev ved Nordfjord folkehøgskule i Gloppen, skal ha fått skader i ein fot.

Ho var med ei gruppe frå folkehøgskulen som har gått frå Fjærland. Den skadde folkehøgskuleeleven er ved Kvannebakkbu, som ligg kring 1500 meter over havet i Befringsdalen på Jølstersida av Jostedalsbreen.

Sterk vind i området har gjort det uråd å kome til med helikopter.