Det opplyser informasjonsavdelinga på Haukeland Universitetssjukehus klokka 12.30 fredag. Jenta har fått brotskader, og vil i løpet av dagen bli overført til ein sengepost.

Ulukka skjedde torsdag ettermiddag, og politiet trur jenta fall i bakken på Jølster skisenter.

– Vi har ikkje fått opplysningar som tyder på at ho har krasja med noko. Det verkar som om dette rett og slett er eit uhell, seier lensmann i Jølster, Knut Skurtveit.

Politiet jobbar med å få opplysningar om kva som skjedde, og har kontakt med Jølster skisenter og augevitne.

– Formelt sett er det ikkje oppretta politisak, men vi jobbar med å få orientert oss om saka, seier Skurtveit.

17-åringen er frå Bergens-området og var i Jølster på vinterferie saman med familien sin.