Jenta vart meldt sakna til politiet kl. 19.20, som sette igang ein storstilt leiteaksjon.

— Ei venninne hadde fått melding frå jenta om at ho hadde svima av, seier operasjonsleiar Preben Wallestad hos politiet i Hordaland.

Jenta var ute på tur med hunden langs ein turveg sørvest på Halsnøy i Kvinnherad då ho vart borte. Familie og vennar dro ut for å leite i området, men greidde ikkje å finne henne.

Siste kontakt var i 18-tida, ifølgje Owe Frøland ved Hovudredningssentralen på Sola.

Både Norske Redningshunder og Røde Kors vart bedt om å delta i leitinga. Politibåt og politihund vart sendt frå Bergen, og eit Sea King redningshelikopter vart sendt frå Sola.

Ca. kl. 21.30 kom meldinga om at jenta var funnen, ca. 15 minutts gange frå utgangspunktet for leiteaksjonen.

— Ho er vaken, men nedkjølt, opplyser Wallestad. Kl. 21.43 melder politiet på Twitter at jenta er i god behald.