Tips eller bilder? Send MMS/SMS til 2211, eller skriv e-post

Klokka 12.05 blei den 14 år gamle jenta som gjekk gjennom isen berga av redningsmannskap.

— Ho er veldig våt og kald. Ho blei funnen i ei skråning etter at bergingsmannskap høyrde skrik, fortel Jan Steimler ved Hordaland politidistrikt.

Politi, hundepatruljar, luftambulanse og norske redningshundar deltok i søket etter jenta.

Varsla politiet sjølv

Det var like etter klokka 10.00 måndag, at jenta sjølv varsla politiet om at ho hadde gått gjennom isen.

— Ho ringte og sa at ho hadde gått gjennom isen og at ho ikkje kom seg opp. Ho var særs oppkava og redd, så det var vanskeleg å nøyaktig informasjon om kor ho stod fast, seier Morten Kronen ved Hordaland politidistrikt.

Fekk ikkje spora telefonen

Ifølgje politiet ringte jenta frå ein telefon utan simkort, difor var det ikkje mogleg å spore opp kor jenta var.

— Ho sa at ho var ute i terrenget i Austrheim og at ho trengte hjelp fort. Ho var nesten tom for straum på telefonen, og samtala blei brote før vi fekk meir informasjon om kor ho var, fortel Steimler.

— Me leitar i eit ganske stort geografisk område. Politiet har sju patruljar ute. I tillegg deltek Røde Kors, luftambulanse, og norske redningshundar i søket. Me veit ikkje nøyaktig kor det skal ha skjedd, men det skal vere i nærleiken av Årås i Austrheim, seier Steimler.

Ikkje alvorleg skadd

— Ho var veldig våt og kald, men det er ingenting som tydar på at ho er alvorleg skadd, seier Steimler.

Jenta er tatt med til Austrheim legekontor for sjekk.