Jenta var på orienteringsløp i Kråkenesmarka saman med klassen sin ved Førde ungdomsskule då ho kom vekk frå dei andre.

Politiet fekk melding om at jenta var sakna klokka 14 måndag.

Ein time seinare vart ho funnen i god behald av ein hundepatrulje.

— Ho hadde tydelegvis gått seg vill, seier operasjonsleiar Leif Bell ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet sette i gang leiteaksjon med to hundepatruljar. Både luftambulanse og mannskap frå Røde Kors var på veg ut då jenta blei funnen.