Sola titta fram idet Jens Stoltenberg inntok talarstolen ved tunnelmunninga på Torsnes. Med ein båtshake — som er Jondals kommunevåpenmotiv - reiv statsministeren bort forhenget for den vel ei mil lange tunnelen til 850 millionar kroner.

— Når tunnelen er bygt billegare enn budsjettert og raskare enn planlagt, står han som eit forbilde for andre veganlegg, sa Stoltenberg. Han heia på tunnelen også fordi han gir kortare reisetider, betre framkomst og tryggare veg.

Regionvegsjef Helge Eidsnes opplyste at tunnelen mellom Torsnes i Jondal og Nordrepollen i Kvinnherad er gjort ferdig eitt år før planen og rundt 70 millionar kroner under budsjett.

Folkefest

Nærmare tusen menneske møtte opp til opningsseremonien, som i tillegg til talar var krydra med lurfanfare, korpsmusikk og kakefest.

Jondals ordførar Jon Larsgard (Sp) sa det var ei ære å få Stoltenberg til å føreta opninga. Det er første statsministerbesøket i Jondal nokon gong.

— Jondalstunnelen er ei naturleg oppfølging av Folgefonntunnelen som kom i 2001, og det er knytt store forventningar til han. Neste milepæl skal eg ikkje spå om, men for meg kan det gjerne vera ei bru med plass til både bilar og tog, sa Larsgard til rungande jubel. Mange ønskjer nok ei bru over Hardangerfjorden - mellom Jondal og Kvam, til erstatning for ferja Jondal-Tørvikbygd.

Ventar meir mas

Statsministeren såg ut over forsamlinga av lokal-, fylkes- og stortingspolitikarar og sa spøkefullt at det var deilig at maset om å få bygt tunnelen var over.

— Men det kjem nok meir mas, for i dag er det alt nevnt ei ny bru, ironiserte Stoltenberg.

Ein av dei som var tidlegast ute med maset, er John Skogseth, Ap-ordførar i Jondal frå 1993 til 2007.

— Heile perioden var prega av arbeidet for tunnelen, nesten dag og natt. Men i dag er ein gledens dag, seier pensjonist Skogseth, som fekk mange handtrykk og gratulasjonar i dag.

Eitt minutt stille

Tom-Christer Nilsen (H), fylkesordførar og representant for vegeigar Hordaland fylke gav i sin tale honnør til to personar som har vore viktige for tunnelen, og som begge blei rivne bort før anlegget var ferdig.

Dei to er Inge Børslien, Venstre-politikar som fronta den politiske aksjonen for tunnelen, og anleggsarbeidar Olav Brattespe som omkom i ei arbeidulukke på anlegget 20.august i år. Begge blei minna med eitt minutts stille før Stoltenberg opna tunnelen.Mange har spurt meg kvifor vi brukar så mykje pengar på eit vegprosjekt i vesle Jondal. Til det svarar eg at vi har eit mål om å skapa ny vekst i Hardanger, noko vi ser gryande teikn til. Jondalstunnelen og Hardangerbrua vil bitta regionen saman, slik at det kan brukast mindre tid på reise, og meir tid på verdiskapande aktivitet, sa Nilsen.

- Spleiselag

Jens Stoltenberg nytta høvet til også å rosa bergensaren Trond Mohn for sin private donasjon til tunnelprosjektet. At staten har ytt berre 52 millionar kroner til Jondalstunnelen, pareret statsministeren slik:

— Alle midlane kjem frå fellesskapet, anten det er bompengar eller skatt til kommunar, fylke og stat. Tunnelen er betalt som eit spleiselag, sa Jens Stoltenberg.