Ein av Vestlandets travlaste ferjekaiar blei over natta lagt død då Bømlafjordtunnelen opna 27.desember 2000. Men Jenny Brendøy let korkje ferjestopp eller i alt 50 innbrot i kroa si få seg til å stengja.

«Jenny's ferjekro» har hatt ein jamn trafikk av arbeidslag, komleetarar og sundagsturistar også etter Trekantsambandet. Og frå 1.mai kjem Kvinnherad-ferja til å gå frå Skjersholmane. Det inneber 600 køyretøy og 1000 passasjerar forbi kvar dag. I tillegg opnar Jenny kiosken att på Jektevik nye ferjekai seinare i mai.

— Kommunen har ikkje gjort noko med dei håplause forholda for Leirvik ferjekai. Sjølv eg - gamle mennesket - ser framover, det må politikarane óg gjera, seier Jenny Brendøy til Bergens Tidende.

— Det er gammaldags tenking at eit ferjestø skal liggja i sentrum. Politikarane må læra seg å leggja om. Det måtte eg gjera då ferja forsvann frå Skjersholmane, seier ho. Og legg til at engasjementet hennar i saka ikkje er så sterkt, ho har prova at ho kan leva av ferjekroa både med og utan ferjer.

Brei støtte

Jenny Brendøy har støtte i synet sitt frå tungtransporten mellom Stord og Kvinnherad. Og frå Samferdselsdepartementet, som avviste kravet frå Stord og Kvinnherad kommunar og Hordaland fylkeskommune om framleis å satsa på Leirvik ferjekai.

Regionvegsjef Ole Christian Torpp var den som sa at tida no er ute for Leirvik som anløpsstad for den stadig aukande Kvinnherad-trafikken. Kaos i Leirvik sentrum og eit ferjestø som ikkje kan ta inn HSDs storferjer opna vegen til Skjersholmane fem kilometer sørvest for Leirvik. Den 20 år gamle ferjekaien har stor oppstillingsplass og to ferjelemmar.

I mai kjem HSD med 90-bilarsferjene «Hordaland» og «Tau» til Skjersholmane, til erstatning for tre 70-bilarsferjer som har trafikkert Leirvik - Ranavik - Sunde det siste året.

Flytteavgjerda har vekt stor harme blant dagpendlarar utan bil og blant lokalpolitikarar i Kvinnherad og på Stord som no får lengre og dyrare reiser til og frå regionhovudstaden Leirvik. Arne Hauge i Ferjeaksjonen vil i år føla 17.mai som ein sørgjedag fordi han føler at ferjesaka syner at lokaldemokratiet ikkje fungerer. Dette seier han til «Kvinnheringen», som óg skriv at tre Kvinnherad-politikarar melder seg ut av Venstre i protest mot det Venstre-styrte Samferdselsdepartementet si avgjerd.

HSD vil ha nedkorting

HSD ønskjer no at Stord kommune set fortgong i arbeidet med å finna den framtidige ferjeterminalen for Kvinnherad-trafikken. Selskapet vil óg ha fleire snøggbåtar mellom Leirvik og Kvinnherad.

— Det er litt spesielt å forlengja eit samband som alt er langt frå før. Vi håpar på ei innkorting av Kvinnherad-sambandet, seier administrerande direktør i HSD Sjø, Geir Aga.

FERJA TILBAKE: Medan politikarane køyrde seg fast i Leirvik sentrum, venta Jenny Brendøy ved Jenny´s ferjekro på at biltrafikken skulle koma tilbake til Skjersholmane på Stord. Og frå 1. mai skjer det.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR