Fem personar frå ei alpin redningsgruppe tok seg tidlegare i dag opp til dei fem som sat faste på fjellet Veslelågpiken i 1500 meters høgde ved Innvik. Alle er no nede på Prestestøylen. I følgje politiet skal dei tre har vore i god form då redningsgruppa kom fram.

Det var like før klokka åtte i går kveld at politiet blei varsla om dei tre personane som har gått seg faste i kring 1500 meters høgde ved Innvik. Jegerane melde sjølv frå til politiet over mobiltelefon. Dei tre hadde blitt overraska av skodde og gått feil.

Skodda gjorde det i tillegg uråd å komme fram med helikopter til dei tre. I går kveld måtte eit forsøk på å bruke redningshelikopter for å frakte jegerane ned avblåsast, fordi det blei for mørkt. Dei tre var både kjende i området og fjellvane. Men dei var ikkje utstyrt for overnatting i så stor høgde. Etter vêromslaget i natt med temperaturfall og regn, har dei tre truleg hatt ei tøff natt.