Mannen sat på post då han var uheldig med våpenet.

— Eit skot gjekk av, og gjennom låret, opplyser lensmann Asle Karliussen til bt.no.

Politiet fekk melding om ulukka like før klokka 11 i føremiddag. Jaktkameratane fekk gitt 76-åringen førstehjelp på plassen, og kring halv tolv var luftambulansen på plass.

Området det blei jakta i ligg like ved Feigumfossen på sørsida av Lustrafjorden.