Lora Kolev bur vegg i vegg med naboen som låg død i husværet i minst åtte månader. Ho stiller seg uforståande til at BBB hevdar dei ikkje fekk varsel om den vonde lukta som kom frå nabohusværet.

— Eg varsla ein kollega som deretter ringde BBB og meldte frå om lukta. Litt seinare ringde ein mann frå BBB på, eg slapp han inn og han kom opp. Men akkurat da var det ikkje noko spesiell lukt, for den kom og gjekk alt etter om det blåste eller var stille, seier den 28-årige kvinna.

— Han gjorde ingenting.

— Når var dette?

— I februar, etter at vi hadde varsla om lukta, seier Kolev.

— Han sa at han kom frå BBB.

Men BBB opplyser altså at dei ikkje har registrert noko melding til denne adressa i februar, men derimot ei utrykking i mai. Denne kjenner Lena Koleva ingentinhg til.

Etter at BBB var der, gjorde heller ikkje Koleva meir med saka.

— Lukta kom og gjekk, eg tenkte at han var bortreist og at det var noko boss som lukta, seier ho til Bergens Tidende.

Ho finn det også svært merkeleg at ikkje BBB gjorde noko seinare, særleg ettersom dei starta sak om utkasting då leiga ikkje vart betalt.

— Eg trudde dei hadde nøklar til husværa sine, og at det var enkelt å sjekke opp i slike saker, seier 28-årige Lora Kolev.

VARSLA TIL INGA NYTTE: Næraste nabo Lora Kolev fortel at ho sørga for at BBB vart varsla om den vonde lukta frå nabohusværet alt i februar, og at BBB kom, men utan å sjekke det avlåste husværet. Først sist onsdag vart den døde mannen funnen i stova si, då namsmannen tok seg inn fordi husleiga ikkje var betalt. <br/>FOTO: EIRIK BREKKE