Det er dårlig vær på vidda måndag. Tåke og dårleg sikt gjer nok jakta sers vanskelig. Mesteparten av dyra stend i Vinje kommune, i området mellom Sogna, Møsvatn og Kvenna.

Nokre dyr har og kryssa Kvenna og er på nordsida. Oppsynet melder om observerte einskilde dyr og småflokkar over det meste av vidda, og det skulle være sjanser for dyr over det meste av vidda nå i byrjinga av jakta. Det er mest bukk som er spredt rundt om.Nå i starten av jakta er det viktig at jegerene melder inn observasjoner til dyremeldingstenesta, slik at me får ein god oversikt over kor dyra stend.

Det er då lettare å fylje dyretrekket. Dette er til alles glede og nytte. Meldinar om sette dyr eller områder som er tomme for dyr er like viktige, og meldas inn på 35 06 29 20 eller mob. 90 85 81 21.

Ellers vert spesifikke meldingar lagt ut på 820 20001 kvar kveld kl. 22.00 Der kan du velge mellom å høyre meldingar om Hordaland, Telemark eller Buskerud. Denne tenesta er i samarbeid med Oppsynet og Villreinutvalet på Hardangervidda. Du kan og sende mail på Postmaster@radiorauland.no. Me ymskjer alle ei god jakt og velkommen på vidda.

NB!!!! Kom i hug å ta med deg alle relevante kort og papir du treng, t.d. våpenkort. Legg dei i sekken allereie NÅ.

Jan Vidar Holte, Radio Rauland