Rundt ti ungdommar mellom 13 og 15 år truga tre vaksne med kniv, dei tre fornærma sit no hos krimvakta til politiet og forklarer seg.

Han som trakk kniven skal vere 1.60 høg og ha på seg svarte klede.

Dei som var truga er ikkje fysisk skadde.

Gjengen slo først til mellom Olav Kyrres gate og Byparken, og deretter mellom Galleriet og Exhibition. Politiet fekk melding 14.30.

– Desse ungdommane er altfor unge til å vere ute på ei slik tokt. Me ser alvorleg på saka og er no på jakt etter gjengen, seier Sigmund Vesterheim, operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.

I 19-tida tysdag kveld var ennå ingen pågripen. Politiet skal etterforske saka.