Stord

Politiet går no breitt ut for å oppklara valdtekta som skal ha skjedd på brutalt vis i Leirvik sentrum i tretida natt til laurdag.

— Vi har avhøyrd fleire i ettermiddag og kveld, men det har førebels ikkje gitt noke gjennombrot i etterforskinga, sa lensmann Reidar Færestrand til BT mandag kveld.

— Men anten folk har sett noko eller ikkje, ønskjer me å koma i kontakt med dei, sa han. Han vil heller at mange tek kontakt enn at dei mister ein viktig observasjon som kan føra til pågriping av gjerningsmannen.

Den 18 år gamle jenta var kledd i mørke bukser og ei kvit bluse, då ho gjekk ut frå utestaden Tapperiet for å sjå etter ein ven. Ho gjekk ned mot gatekjøkenet Bon Appetit på kaien før ho returnerte for å henta ytterjakka si på utestaden. Så langt kom ho ikkje.

- Har sikra spor

På veg opp Osen, blei ho tilsnakka av ein mann som prata gebrokkent norsk. Han skal ha valdteke ho under trappa i smauet vis a vis Norlandia Grand Hotell og parkeringsplassen bak Lensmannskontoret.

Politiet er spesielt interessert i å koma i kontakt med eit ungt par som passerte over parkeringsplassen. Dei kan ha sett gjerningsmannen, då han løp frå smauet opp mot Amfisenteret.

Jenta har vore til undersøking på sjukehuset på Stord.

— Det var tydelege teikn på ei valdtekt og me har sikra spor i saka, seier Færestrand.

Jenta har gitt eit godt signalement av mannen. Han skal vera 25-30 år gammal, ha mørkt, kort og kruset hår og sydlandsk utsjånad. Mellom 175 og 180 centimeter høg, kraftig kroppsbygning med antydning til mage. Han gjekk i mørk bukse og mørk skinnjakke.

Asylmottaket sjekka ut

Politiet har allereie sjekka miljø der personar av utanlandsk opphav har tilknyting.

— Me har sjekka ut asylmottaket. Det er ingen der som passar til beskrivinga. Me har og sjekka hotell og andre stader der personar på gjennomreise kan bu.

Politiet har arbeidd på spreng heile helga med å avhøyre folk som var på jobb i sentrum. Dei sjekkar også overvakings- og web-kamera i sentrum. I følgje rapportar frå utestader på Leirvik var det mykje folk ute denne kvelden.

Politiet ser inga samband mellom denne valdtektssaka og ei uoppklart og grov valdtekt på Hystad i 1999.

— Me skulle gjerne ha sett den førre saka oppklart, og jobbar no aktivt for å oppklara den siste. Det er difor veldig viktig at folk tek kontakt med oss, seier Færestrand. Han vil ikkje åtvara jenter mot å gå ut på byen på Leirvik.

— Stord er normalt ein trygg stad, men det er klart at når slikt skjer, bør jenter ta det ad notam.

VALDTEKT I SMAU: Under trappa i dette smauet i Osen på Leirvik skal ei 18 år gammal jente ha blitt valdteke natt til laurdag. Lensmann Reidar Færestrand trur folk på Leirvik kan ha sett gjerningsmannen i Leirvik sentrum eller på ein av utestadene.
LENA VERMEDAL