— VI ER INTERESSERTE i å få ei djupare forståing av hallusinasjonar knytte til schizofreni, ei av dei mest omfattande og alvorlege psykiske lidingane vi har, seier professor i biologisk psykologi ved Universitetet i Bergen (UiB), Kenneth Hugdahl.

Hugdahl er rekna som ein av dei fremste hjerneforskarane i Norden og står i spissen for eit forskingsprosjekt som i beste fall kan gjere kvardagen lettare for millionar av menneske som slit med hallusinasjonar. Dette er eit av dei mest framståande symptoma hos dei som er ramma av schizofreni.

Forskingsgruppa i kognitiv nevrovitskap har alt gjort viktige funn. Det viser eg at det er forskjellar i hjernen på dei som høyrer indre stemmer og dei som ikkje gjer det.

No vil forskarane finne ut kvifor.

DET FØRSTE SPORET fann Hugdahl i 1994. Pasientar med hallusinasjonar og friske vart testa parallelt gjennom å lytte og gi respons til lydprøver.

— Dei som hadde hallusinasjonar, var ikkje i stand til å oppfatte lydane. Dette kunne tyde på at nervecellene alt var opptekne og at det kunne vere indre stemmer som blokkerte dei verkelege stemmene utanfrå. Vi fekk ein første indikasjon på at det kunne vere det same senteret i hjernen som styrer oppfattinga av både ytre og indre stemmer, fortel professoren.

Vidare forsking i Hugdahls gruppe har seinare stadfesta dette. Verktøyet har vore magnetresonans-teknologi (MR) ved Haukeland Universitetssjukehus, som tar bilete av og registrerer aktiviteten i hjernen.

-Vi har undersøkt pasientar og friske i MR-scanner for å finne ut meir om hjernevev og konsentrasjon av hjerneceller. Vi fann at gruppa med schizofrene pasientar gjennomsnittleg hadde redusert volum av grått hjernevev i eit visst område av hjernen, seier Hugdahl. Seinare har anna forsking også vist at blodstraumen aukar i dette området når pasienten høyrer stemmer.

Området i hjernen Hugdahl snakkar om ligg i bakre venstre, øvre tinninglapp. Alt språk, anten det handlar om verkelege samtalar eller stemmer som dukkar opp i hovudet, blir aktivisert frå dette området i hjernen.

For ein person med schizofreni kan stemmene i hovudet dermed framstå som like verkelege som ytre stemmer.

-Når vi vaknar opp etter ein draum, forstår vi at det vi har høyrt ikkje er verkeleg. Hallusinasjonane tek ikkje kontroll over oss. Vi forstår at det er ein intern konstruksjon. Ein schizofren er derimot ikkje alltid i stand til det, og kan i staden tilskrive stemmene ein ytre agent. Ein hallusinasjon er rett og slett ein persepsjon som ikkje har ei ekstern kjelde, forklarer, Hugdahl.

KVIFOR HAR nokre menneske redusert hjernevev i språksenteret, kvifor aukar blodstraumen når dei indre stemmene dukkar opp? Kort sagt, kvifor hallusinerer nokre og andre ikkje?

Forskinga tyder på at det kan vere transmitterane, signalstoffa i hjernen, som ikkje fungerer hos dei som slit med hallusinasjonar. Glutamat er eit slikt stoff. For å finne ut om glutamat kan vere syndaren, vil forskarane gi friske forsøkspersonar eit preparat som reduserer koplingane mellom hjernecellene, den såkalla synapsen.

-Deretter vil vi eksponere dei for dei same språklydane. Får vi same resultat hos dei friske som hos pasientane, betyr det at vi har identifisert det aktuelle signalstoffet, seier Hugdahl.

Dette kan opne for utvikling av medikament som rettar seg direkte mot dette signalstoffet. I dag finst det få treffsikre medisinar, og dei har av og til biverknader.

I NESTE OMGANG kjem det verkeleg store spørsmålet - som kan gi det banebrytande framsteget: Kva får signalstoffa til å svikte? Svaret finst truleg djupt inne i cellene.

— Det kan vere snakk om eitt eller fleire gen som enkelt sagt er blitt feilprogrammerte, gen som er viktige for oppfattinga av tale, seier Hugdahl.

Jakta på nåla i høystakken, på genet i hjernecellene, kan bli eit tidkrevjande arbeid.

-Vi ønskjer å kartleggje alle ledd frå klinikk til genetikk, frå pasient til gen. Det er ambisiøst, men det må det vere for å finne forklaringane og samanhengane.

Når Forskingsrådet etter alt å dømme gir Hugdahls forskingsgruppe status som Senter for framifrå forsking (SFF) i 2007, kan det opne for solid finansiering av det langsiktige prosjektet.

Det er truleg nødvendig om UiB-forskarane skal nå fram. Framtidige gjennombrot i forskinga på psykiske lidingar kan gi store helsegevinstar og tilsvarande kommersielle gevinstar. Derfor foregår det internasjonalt eit kappløp for å forstå indre stemmer, eller auditive hallusinasjonar, som det heiter på fagspråket.

-Vi meiner absolutt vi heng med i dette kapp- løpet, seier Hugdahl.

DET ER LANGT FRAM før vi får ein kur mot schizofreni. Sjukdomen og årsakene er samansette og varierer frå tilfelle til tilfelle. Men at vi kan forstå og behandle enkeltståande symptom, det er eit realistisk mål, meiner hjerneforskaren.

— I forskinga konsentrerer vi oss derfor om enkelte symptom framfor heile diagnosar. Alle sjukdomar har eit spekter av symptom som også kan vere felles for ulike diagnosar.

Ei slik tilnærming kan altså ikkje løyse heile gåta. Men for schizofreni-pasientar er dei fiktive stemmene eitt av dei aller største hindera for eit fungerande daglegliv.

Kanskje kan hjerneforskinga i Bergen på lang sikt også føre til nye måtar å vurdere sjukdom på generelt.

-Det blir spekulasjon. Men kanskje kan vi i framtida tenkje behandling med fokus på symptom heller enn diagnosar. Det ville i så fall vere ei stor omvelting, seier Hugdahl.