ARNE HOFSETH

189 centimeter høg og 5 centimeter i omkrins halvhøgt på stengelen. Det er dei vitale måla på solsikka som formannskapsmedlem Liv Myklatun på kort tid har dyrka fram i veksthuset sitt i Øvre Eidfjord.

Dette er solid siger i Hordaland, men for å bli solsikkemillionær må du vera best i landet, og dessutan overtyda ein jury om at pengane skal brukast fornuftig. Alle fylka tok nøyaktige mål av vinnarkandidatane sine i går, og rapporterer til Innovasjon Norge sentralt.

Det er nettopp Innovasjon Norge, ei samanslåing av SND og andre statlege veksthormon, som stettar sitt markeringsbehov med eit millionspel med solsikkefrø for norske kommunar.

Alle kommunane fekk i vinter kvar sin pakke med solsikkefrø, blomsterjord, potte og instruksjonsbok. Over 200 har meldt frå om at dei er med. I går var det tid for oppmåling.

— Planten kunne ha vore høgare, men eg har gjort veksthemmande tiltak for al han ikkje skulle bli for tynn og skrøpeleg, fortel Liv Myklatun til Bergens Tidende.

— Det var slett ikkje dumt, seier avdelingsdirektør Rolf H. Sørland på Innovasjon Norge sitt Hordalandskontor.

Han fortel at mange av solsikkene som låg godt an tidleg i «løpet» har bukka under med avbroten stengel.

Korleis Eidfjord ligg an i landsmålestokk, var uråd å vita i går. Det går rykte om at kommunar austpå har overlate solsikkedyrkinga til Landbrukshøgskulen og anna tung ekspertise på veksthormon og kanskje genmanipulering.

Dessutan skal ein jury vurdera om kommunen med største solsikka har ein godt nok fundert plan for bruken av millionen.

Å gå heilt andre vegar enn på opptrakka sti, kan ofte vera god innovasjon. Såleis kan det ligga an til ekstrapremie for Kvinnherad. Der synest dei det gjekk for seint med naturleg vekst, og sette skuleelevar i sving med å laga solsikker av alle slags kunstige materialar. På Valen har dei laga den største, heile 7,4 meter lang. Til saman har kvinnheringane laga ein heil solsikkepark.

MILLIONLODDET: Nina Broch Mathisen og Rolf H. Sørland frå Innovasjon Norge, Hordaland kontollmåler solsikka som kan gjera Eidfjord til solsikkemillionær og sikra ordførar Ola B. Hereid plass ved statsråd Ansgar Gabrielsen sitt middagsbord.<br/>Foto: ARNE HOFSETH