Vidar Ystad

Frydenlund døydde på post, som utanriksminister, i februar 1987.

Riksarkivet har i mange år forgjeves arbeidd for å få arkivet utlevert og overførd til Riksarkivet.

Då Bergens Tidende nyleg kontakta UD med spørsmål om arkivet etter Frydenlund, var beskjeden at arkivet ikkje ligg i UD. Men det var feil. Arkivet har vore i UD heilt sidan Frydenlund døydde.

Forundra

— Vi skulle absolutt hatt dette arkivet her, seier riksarkivar John Herstad, til Bergens Tidende.

Sonen til Knut Frydenlund, Hans Jacob Frydenlund, seier til Bergens Tidende at arkivet skulle vore overførd til Riksarkivet for 16 år sidan. Han seier vidare at han ikkje forstår kvifor det ikkje har skjedd. Han arbeider sjølv i utanrikstenesta, nå ved FN-delegasjonen i New York.

Viktig kjeldemateriale

Private arkiv frå sentrale aktørar er viktig kjeldemateriale for å få innsikt og kunnskap om historia. Difor er både Riksarkivet og Arbeiderbevegelsens Arkiv kontinuerleg på jakt etter slike arkiv.

Dette arbeidet er aktualisert mellom anna gjennom publiseringa av Norsk Forsvarshistorie, denne veka.

Knut Frydenlund, Rolf Gerhardsen og Jens Christian Hauge har det til felles at dei bygde opp svære private arkiv. Alle var sentrale Ap-politikarar i etterkrigstida.

Arbeiderbevegelsens Arkiv har til dømes privatarkiva etter alle statsministrane frå Ap etter krigen, så nær som frå Odvar Nordli og Thorbjørn Jagland.

Arkivet har også avtale med den legendariske partisekretæren Haakon Lie om at arkivet hans skal leverast dit, opplyser dagleg leiar Knut Einar Eriksen til Bergens Tidende. Lie er nå 99 år.

- Mykje interessant

Instituttleiaren ved Institutt for Forsvarsstudier, Rolf Tamnes, opplyser til Bergens Tidende at han hadde tilgang til Frydenlund sitt arkiv då han arbeidde med Norsk utenrikspolitikks historie i 1995-96.

Tamnes opplyser at arkivet inneheld mykje interessant stoff, mellom anna refleksjonar som Frydenlund har nedteikna. Arkivet er uordna, ikkje systematistert, og det er eit problem at mange av notata manglar overskift og er udaterte. Det gjer det vanskeleg å tidfeste og sortere arkivet kronologisk.

UD opplyser nå at det har pågått arbeid med å systematisere arkivet til Frydenlund med sikte på å levere det til Riksarkivet. Men dette arbeidet stoppa opp i fjor då den som dreiv dette arbeidet, vart stasjonert ved ein utanlandsstasjon. UD seier nå at dei lir under knappe ressursar og at det er uråd å seie noko om når arkivet kan avleverast.

Rolf Gerhardsen

Ein annan Ap-koryfe som etterlet seg eit stort privatarkiv, er Rolf Gerhardsen, bror av tidlegare statsminister Einar Gerhardsen. Rolf var redaktør i Arbeiderbladet, i fleire år formann i Oslo Ap og sto broren svært nær.

Det har lenge vore ein offentleg løyndom at Rolf Gerhardsen heldt i trådane i det nettverket av hemmelege agentar i arbeidarrørsla som samla informasjonar om kommunistar og andre venstreorienterte. Dette nettverket hadde eit tett samarbeid med Overvakingspolitiet.

Av den grunn var Lund-kommisjonen som granska dei hemmelege tenestene i åra 1994-96, interessert i dette arkivet.

Dette opplyser Tron Gerhardsen til Bergens Tidende. Han er son av Rolf Gerhardsen. Det er også han som sit på arkivet i dag. Han forsikrar at arkivet er trygt forvart og seier at han ikkje har bestemt kva han vil gjere med arkivet.

Makulert

Lund-kommisjonen fekk ikkje tilgang til arkivet. Det stadfester professor Berge Furre overfor Bergens Tidende. Han var medlem av kommisjonen, og det var han og kommisjonsleiar Ketil Lund som hadde kontakt med Tron Gerhardsen oms saka.

Tron Gerhardsen seier at arkivet inneheld svært interessant materiale. Men noko av dei mest følsame dokumenta har han makulert. Han vil ikkje utdjupe dette.

Tidlegare arkivleiar for Arbeiderbevegelsens arkiv, Arne Kokkvoll, opplyste for mange år sidan til Bergens Tidende sin medarbeidar at han hadde inngått ein avtale med Rolf Gerhardsen om at arkivet hans skulle leverast til dette arkivet.

Kokkvoll er død for fleire år sidan, og Tron Gerhardsen hevdar overfor Bergens Tidende at han ikkje kjenner til nokon slik avtale. Han seier også at arkivet inneheldt materiale som faren helst ikkje ville skulle bli kjent.

— Det er frå ein periode i Noregs-historia som ein må sjå i eit historisk lys. Vi snakka om dette før far døydde, seier Gerhardsen.

Hauge-arkivet

Ein tredje Ap-koryfe med eit omfattande arkivmateriale, er Jens Christian Hauge. Han var leiar for Mil.org. under krigen. Han har bakgrunn både som justisminister og forsvarsminister. Sidan slutten av 50-talet har han arbeidd som privatpraktiserande advokat. Frå den posisjonen har han kunne utøve meir makt og påverknad enn kanskje nokon annan privatperson i landet.

Hovudtyngda av arkivet hans vart i mars i fjor overlevert til Riksarkivet. Der fyller det 60 hyllemeter. Og er med det etter alt å døme det største privatarkivet i Riksarkivet.

Andre delar av Hauge sitt arkiv er å finne dels på Heimefrontmuseet, dels ved Institutt for Forsvarsstudier.

Det er Hauge sjølv som avgjer kven som skal få innsyn i arkivet. Førebels er det berre historikaren Olav Njølstad, som har permisjon frå stilling ved Nobelinstituttet, som har tilgang til arkivet. Han arbeider nå med ein biografi og Hauge.

HADDE STORT ARKIV: Utanriksminister Knut Frydenlund etterlet seg eit omfattande privatarkiv då han døydde på post i 1987. Arkivet ligg framleis i UD til fortviling for Riksarkivet og til forundring frå familien.
STOFF MAKULERT: Ap-koryfeen Rolf Gerhardsen(biletet) etterlet seg også eit stort arkiv. Det er det sonen, Tron, som sit på. Han seier at han har makulert noko av det mest følsame materialet i arkivet.