Eieren av bilen lokalisert av politiet i Sykkylven, og mannen sitter nå i vitneavhør ved lensmannskontoret der.

Lensmann Kjell Fonn i Førde utelukker ikke at denne bilen, en mørkeblå Mercedes 190 med polske skilt, kan være den samme bilen som ble observert i Hafstadveien drapsmorgenen.

Lensmannen i Sykkylven har no tatt kontakt med etterforskarane i Førde, og stadfesta at den aktuelle Mercedesen er i hans lensmannsområde.

Det er til avisa Firda at ein vogntogførar i dag fortel om den polske Mercedesen. Vogntoget var på veg fra Bergen til Ålesund med last den morgonen Anne Slåtten blei drept. Sjåføren har ikkje varsla politiet om det han opplevde på E39, nokre få kilometer utanfor Førde sentrum.

Dette er ikkje langt unna plassen der politiet har etterlyst ein mørk bil som i stor fart var på veg i same retning, altså ut frå sentrumsområdet, rundt klokka 07.35 den aktuelle morgonen.

— Dette kan stemme med den bilen vi tidlegare har etterlyst, seier Fonn til bt.no.

Både den mørke bilen politiet etterlyser frå drapsmorgonen og bilen som dette vitnet såg, kjørte ut av Førde på E39 i retning Jølster. Det er enno uklart korvidt det er den same bilen.

Plaster i ansiktet

Da vogntogføraren seinare same dag såg att bilen og den lyshåra føraren i Sykkylven, hadde mannen plaster i ansiktet. Politiet har som kjent opna for at drapsmannen kan ha blitt påført kloremerker i ansiktet i basketaket med Anne Slåtten.

Vogntogføraren seier til avisa at han ønskjer å vere anonym, men at forbikjøringa i 60-sona ved Bruland var utanom det vanlege.

— Vi som kjører langs vegane ser og opplever mykje som vi ikke fortel vidare. Men denne opplevinga var så spesiell at eg vil den skal bli kjent, seier sjåføren, som vil gå ut gjennom avisa og ikkje direkte til politiet. For nokre år sidan var han vitne i ei sak i Hordaland, og fekk trøbbel og trusgsmål mot seg og familien. Han vil ikke gå gjennom det samme en gang til.

Han har gjeve ei detaljert skildring av Mercedesen, som var mørk blå og av typen 190 med stor hekkspoiler. Bilen skal ha hatt utanlandske skilt og nasjonsmerke PL for Polen. To menn skal ha vore i bilen.

Etterlyser ny førar

Politiet er også interessert i at føraren av ein lys blå personbil, antakeleg ein modell frå midten av 80-talet, melder seg. Denne bilen stoppa for fotgjengar ved gangfeltet like ovanfor krysset Askvollbrua-E39 nedst i Halbrendslia søndag morgon. Poliitet har ein ny observasjon av bilen da den passerte Esso i Førde sentrum klokka 06.26.

— Vitna har sett ein mann i 40-50-årsalderen bak rattet. Dette er ein del av kartleggingsarbeidet vårt, og vi ønskjer at denne mannen melder seg for oss, seier Fonn.

JAKTAR PÅ MERCEDES: Lensmann Kjell Fonn i Førde og hans folk jaktar no på ein polskregistrert Mercedes forlot Førde i stor fart morgonen da Anne Slåtten vart drept.
SCANPIX