I samarbeid med museum, skular og andre har Norsk genressurssenter så langt klart å ta vare på rundt 400 gamle fruktsortar. No ønskjer genressurssenteret hjelp til å finna ytterlegare 100 sortar av eple, pærer, plommer og kirsebær som har vore i bruk i norske fruktbygder, og som dei håpar dei skal kunna få tak i.

Av desse hundre sortane er mesteparten frå Hordaland og Sogn og Fjordane, mellom anna Agaeple frå Hardanger og Leikangereple frå Sogn. Sjå lista her

— Når me får opplysningar om ein etterlyst sort, vil me be om å få podekvist slik at me kan laga nye tre av sorten. Desse vil så bli plasserte i ein eller to av våre bevaringssamlingar, og på den måten bli tatt vare på for ettertida, seier Åsmund Asdal ved Norsk genressurssenter på senteret sine nettsider.

Når sortane er etablerte, vil det bli mogleg for privatpersonar og andre å få tre av dei gamle sortane.

Norsk genressurssenter er eit rådgivande organ for Landbruks- og matdepartementet og koordinerer kompetanse og aktivitet innanfor bevaring og bruk av nasjonale genressursar. Senteret er ei avdeling ved Norsk institutt for skog og landskap.

Har du ein av fruktsortane på lista? Meld han inn her

Du kan også ta kontakt med Norsk genressurssenter på telefon 64 94 80 01.

EPLEJAKT: Agaeple frå Hardanger og Leikangereple frå Sogn er blant eplesortane som er etterlyst. ARKIVFOTO: STIAN LYSBERG SOLUM