Målet med den landsomfattande kontrollen er å avdekkje ulovleg avfallsdeponering både av den kraftige klimagassen metan og av farlege miljøgifter.

Ulovleg

I Hordaland skal alle seks godkjende deponi sjekkast av Fylkesmannen og SFT. Først ut er Svartasmåget på Fitjar, som får kontrollørar på besøk alt i dag.

— Vi vil sikre at det ikkje finst ulovleg avfall på godkjende deponi, seier overingeniør Astrid Holte hos Fylkesmannen i Hordaland.

Nøkkelen for å unngå ulovleg deponering er god informasjon om kva avfall som faktisk blir levert til mottaket. Derfor kjem også fleire utvalde avfallsprodusentar til å bli granska, for å avdekkje om dei har god nok kontroll med avfallet sitt og veit kva dei faktisk sender til dumping.

Kreftframkallande Tidlegare denne månaden skreiv BT at det er oppdaga eit stort ulovleg deponi i Sund kommune med kreftframkallande stoff og miljøgifter i avfallet.

Holte utelet ikkje at kontrollørane kan kome over fleire ulovlege deponi i storkontrollen i haust.

— Det kan hende. Målet med aksjonen er å sikre at det ikkje blir dumpa ulovleg avfall på godkjende deponi, men vi er sjølvsagt også interesserte i å finne ut om det er fleire ulovlege anlegg.

Krava til avfallsprodusentar og avfallsdeponi er blitt kraftig skjerpa inn dei siste åra, og totalt 70 norske deponi skal sjekkast i aksjonen.