— Har de sett Star Wars-filmane?

Heidi Daller frå Austerrike ser spørjande på fire 13-åringar. Ho er ein av ni leiarar på CISV Nordhordland sin fredsleir som går føre seg i desse dagar. 35 barn frå Austerrike, Canada, Indonesia, Sverige, Norge, Tyrkia, Mexico, Hellas og Latvia skal bu på Manger Folkehøgskule i ein månad.

— Nei, kjem det forsiktig på engelsk frå tenåringane.

Dei har fått i oppgåve å teikna det dei meiner er den perfekte by.

— Eg synest at presidenten vår burde vera Darth Vader i Star Wars, seier Heidi.

Maryse Piché Bénard frå Canada er med på ideen, og byrjar å teikna Darth på det store arket dei har fått utdelt.

— Og så må Star Wars-songen vera nasjonalsongen vår! Og me kan ha utanomjordiske vesen som tenarar.

Heidi gestikulerer ivrig med armane.

Kommunistby

Dei andre fire seier ikkje så mykje. Snart har Heidi fått gjennom at hundane og kattane i byen skal kunna snakka, at robotdansen er nasjonaldans og at bilane kan fly.

— Då må me jo ha McDonald's fly-in, seier Heidi og ler.

Brått går døra opp og leirsjef Andreas Malkenes stikk hovudet inn. Det er tid for å presentera resultatet for dei andre i den store hallen.

Den første gruppa som entrar golvet ser for seg ein by der dei fem barna er presidentar, som bur på store slott og har massevis av pengar. Resten av innbyggjarane har like jobbar og lik lønn. Ingen kan ta makta frå leiarane, og religion er forbode.

Snart er Heidi si gruppe på golvet.

— No skal de få høyra nasjonalsongen vår, seier ho.

Gruppa stemmer i og syng om sin fantastiske by til Star Wars-melodien. I tillegg tar dei ein liten robotdans, til stor latter frå salen.

Ei ny gruppe kjem på golvet, men har ingen teikning å visa fram.

— Me har ikkje gjort noko. Det var for dårleg tid, seier dei.

McDonald's eller fred?

Etter sju bypresentasjonar er det tid for oppsummering i stor sirkel på golvet. Johanne Stendal Elde, Maria Kayser og Runa Gomo, som er med og arrangerer leiren, sit midt i sirkelen.

— Kven var det som hadde ideen til dykkar by?

Johanne ser på Håvard Blystad Rekdal frå Bergen, som er på Heidi si gruppe.

— Heidi og Maryse, seier han.

— Er Si-Fi-Ci den perfekte byen for dykk? De sa ingenting om fred og kjærleik. Er McDonald's viktigare enn fred?

Dei fire tenåringane må rista på hovudet.

— Så kvifor teikna de McDonald's på arket, men ikkje fred?

Dei har ikkje noko godt svar på det. Det viser seg snart at leiaren har kome opp med ideen i alle dei sju gruppene som hadde ein by å presentera. I gruppa som ikkje gjorde noko, slakta leiaren alle ideane til barna.

— Ingen nemnde vennskap, er det ikkje derfor de er her? Og berre éi gruppe fokuserte på fred og religion.

Johanne gir seg ikkje.

— No skal eg avsløra kva som eigentleg skjedde. På førehand gav me sju av dei åtte gruppeleiarane beskjed om å føreslå ein spesiell type by. Den siste leiaren fekk i oppdrag å gå imot alle idear.

Det går eit sukk gjennom forsamlinga idet dei skjønar at dei er blitt lurte.

— Det viser kor lett det er å manipulera folk. Me prøver ikkje å vera slemme, me vil berre få dykk til å forstå at de ikkje må stola så mykje på leiarane dykkar. De må våge å vera sjølvstendige, seier Johanne.

Maryse er tydeleg opprørt.

— Eg blei berre med på det Heidi sa, seier ho framfor alle, med tårer rennande ned kinna.

— Det var ei nyttig lekse å læra og opna augo mine, seier ho.

Silje Katrine Robinson
Silje Katrine Robinson
Silje Katrine Robinson
Silje Katrine Robinson