Sauebønder knytt til eitt sankelag i Guddal saknar 172 dyr.

– Dette er uvanleg store tap, seier sauebonde Bjarne Huseklepp til Firda.

Jegeren som sist fredag såg gaupene, var berre 25 meter frå dei to dyra. Han fotograferte spor dei to rovdyra hadde sett i snøen. Desse bileta, og andre meldingar frå området, gjer viltforvaltar Hermund Mjelstad hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane rimeleg sikker på at det er gauper i området.

Mistanken går mot at det kan ha skjedd yngling, noko Bjarne Huseklepp ser svært alvorleg på:

– Ulendt terreng, mykje skog og god tilgang på sau og hjort gjer at området kan bli eit paradis for gaupe.

Sist gong det blei felt gaupe i Sogn og Fjordane var i 1979.