– Vi har ein rev som luskar mellom husa på Havrenes i Florø. Han har også ein flokk kråker etter seg, seier operasjonsleiar Aril Stokkereit i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Rett før klokka ni laurdag morgon kom dei første meldingane om reven, då han skal han snike seg inn i ein hage og forsynt seg med nokre ender.

Viltnemnda jakta tidlegare i dag på reven. Dei har fått godkjenning frå politiet til skyte for å drepe.

– Det er innimellom hus, men eg stolar på at desse i viltnemnda er så erfarne at dei ikkje skyt utan at dei har full kontroll på kva dei driv på med. Eg reknar med at denne reven snart er sendt til dei evige jaktmarker, seier Stokkereit.

Men etter nokre timars jakt utan resultat, gav jaktmannskapane opp.

Dei er likevel klare til å sette jakta i gang igjen, dersom det kjem fleire meldingar om reven.