EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Den 57 år gamle kvinna ante fred og inga fare då det ringde på døra heime hos henne og mannen i Ture Nermans vei 25 litt før klokka 14.30 i dag.

Utanfor stod to ungdommar, den eine med finlandshette. Væpna med ein sølvgrå pistol trengde dei to seg inn i husværet og skubba kvinna så ho fall om på golvet.

Kvinna skreik så høgt at ektemannen, som låg og kvilte, vakna. Ekteparet fekk klar beskjed om å halde seg i ro. Så søkte ungdommane igjennom husværet etter medisinar.

Dør-til-dør-aksjon – Det var berre medisinar dei var på jakt etter. Det heile var over på eit par minutt, seier politiførstebetjent Bjørn Eide ved Fyllingsdalen politistasjon.

Politet gjennomførte i ettermiddag ein dør-til-dør-aksjon i nabolaget for å kome i kontakt med moglege vitne.

– Vi er heilt avhengige av hjelp frå publikum. Væpna ran heime hos folk er det heldigvis svært sjeldan vi har, seier Eide, som karakteriserer ranet som stygt.

Ranarane var omtrent jamngamle, 17-18 år, og snakka bergensdialekt. Den eine var eit hovud høgare enn den andre.

Mørkkledde Slik er signalementet ekteparet har gitt av ranarane:

Den eine var 175-180 cm høg, bar mørkeblå finlandshette med ei grøn stripe, mørke pene klede og sæggebukse.

Den andre var 160-170 cm høg, spinkel, hadde mørk grå eller svart topplue og mørke klede.

Fordi ranarane var væpna, rykte politiet ut med våpen til ransstaden. Væpninga vart avslutta seianre på dagen.

Politiet i Fyllingsdalen ber vitne ta kontakt med dei på tlf. 5515 5750.