Politiet set no inn store ressursar på å ta mannen dei meiner er mellom dei største serieforbrytarane i norsk kriminalhistorie. Det er Follo politidistrikt som leiar etterforskinga, men tre personar hos Kripos arbeider no på fulltid med saka. I tillegg er ei rekkje lokale lensmannskontor og politidistrikt involverte.

Bergens Tidende er kjend med at lokale lensmannskontor har samla inn gjestelister frå hotell og andre overnattingsstader frå tida då mannen skal ha gjort overgrep. Det er også henta inn opplysingar om bruk av mobiltelefonar og bankkort.

Kripos samordnar

Alt materialet blir overlate til Kripos som samordnar opplysningane. Arbeidet blir konsentrert der mannen har vore aktiv etter at han tok opp att aktiviteten i fjor. Politiet meiner han har gjort overgrep i Sauda, Nesbyen, Jevnaker, Odda, Hønefoss, Ålesund, Molde, Førde og Skjolden i Luster. Politiet håpar dette nitidige og ressurskrevjande etterforskingsarbeidet skal gje treff, altså at dei finn ein person som har opphalde seg på fleire eller alle stadene i tidsrommet då det har skjedd overgrep.

«Lommemannen» skal ha forgripe seg seksuelt på mellom 90 og 100 barn. Politiet fryktar dessutan at mange barn ikkje har meldt frå om overgrep, slik at det reelt sett kan vere mange fleire overgrepssaker.

Mannens framgangsmåte er stort sett den same frå gong til gong. Han går utan undertøy, og anten er det hol i bukselomme eller så er det ingen lomme der. Han ber gutane om hjelp til å finne noko, gjerne ein lapp eller ein nøkkel. Hjelper dei til, skal dei få betaling. Det mannen leitar etter er i lomma.

— Eg har så store hender at eg får ikkje fat i det, seier mannen. Når gutane stikk hendene sine ned i lomma, får dei nærkontakt med kjønnsorganet. Dei fleste gutane kjem seg straks unna, men det skal ha vore tilfelle der mannen har halde gutar tilbake ei lita stund.

Kan ha skifta jobb

I tillegg til at framgangsmåten er lik, er det kriminaltekniske spor som gjer at politiet kjenner seg trygge på at det er ein person som driv på med dette, og ikkje fleire. Men politiet ønskjer ikkje å seie noko om type spor.

Bortsett frå ei overgrepssak i Lærdal, opererte mannen frå 2000 til 2003 stort sett på Austlandet og i Trøndelag. 6. september 2003 var det eit overgrep på ein skule i Trondheim. Her var det installert videokamera som filma overgrepet. Men bileta er ikkje gode nok til å identifisere mannen. Bilete frå videoen blei offentleggjort, og dette skremde mannen under jorda. I 15 månader var det ingen aktivitet, før han dukka opp att i Sauda 13. januar 2005.

Politiet meiner det er påfallande at medan han knapt var aktiv på Vestlandet i første overgrepsfase, har brorparten av overgrepa i 2005 og 2006 skjedd her. Som meldt i Bergens Tidende i går, jobbar politiet for å finne ut om mannen kan knytast til industrisamfunn på Vestlandet. Ein teori er at han reiser ein del i jobbsamanheng, og at han kan gjere arbeid som er knytt opp mot dei store industribedriftene på Vestlandet. Politiet utelukkar heller ikkje at han kan ha skifta arbeid etter overgrepet i Trondheim for snart tre år sidan.