1. desember 2006 ville den mestseljande lyrikaren i landet fylt 100 år. Jubileumsåret opnar torsdag om halvanna veke, på det som ville vore diktarens 99-årsdag. Då skal lyrikaren og novelleforfattaren få si eiga nettside, jakobsande.no. Dessutan skal det også markerast offisielt at Klokkargarden, Jakob Sandes fødestad i Dale, er tusenårsstad i Fjaler.

Alt før jubileumsåret er opna og programmet presentert merkar kommunen og det lokale Jakob Sande-selskapet interessa for jubileumsmarkeringa.

— Pågangen er stor. Vi får telefonar frå heile landet. Folk vil vite kva som skal skje her, og vi får informasjon om markeringar som er på gang andre stader. Det kjem til å bli stor aktivitet, seier leiar i jubileumsnemnda, ordførar Arve Helle.

I Sandes ånd

Den offisielle opninga av jubileumsåret blir lite prangande.

— Vi dreg i gang relativt roleg. Opninga bli ei markering i Jakob Sandes ånd, seier Helle.

Diktaren sjølv kunne nemleg styre si begeistring for høgtidelege og pompøse markeringar kring eigen person, noko han melde frå om meir enn ein gong. Då det kom han for øyre at det var dei som hadde orda frampå om å reise ein statue av han i Dale, gav han følgjande tilbakemelding:

«Nei, ta det med ro, småsveinar,

trø stilt på jord.

For eg har reist mine bautasteinar

i ord». Meir høgtidsamt enn ved opninga blir det nok når jubileumsåret blir avslutta med festframsyningar. Først på det som ville vore Sandes 100-årsdag 1. desember neste år i Dale, og dagen deretter i Førde.

Sande og Fjaler på kartet

Detaljane i programmet for jubileumsåret er ikkje klart, men mellom opninga og avslutninga er det plotta inn ei rekkje tilskipingar.

— Vi har hatt som mål å få ei fordeling over året. I tillegg til å profilere diktinga til Jakob Sande, ser vi på dette også som ein sjanse til å få sett Fjaler på kartet, seier Helle.

Det første større arrangementet blir i samband med ein vinterfest i Fjaler i mars. Då blir det mellom anna konsert med Hanus G. Johanson, den mest kjende visesongaren på Færøyane.

— Han blei kjend med Sande si dikting under eit besøk til Sunnfjord i 1995. Johanson har laga eigne melodiar til i overkant av 20 Sande-dikt, og brukar av dette materialet når han turnerer. Han har også omsett eit par av dikta til færøysk, fortel kulturleiar i Fjaler og prosjektleiar for jubileumsåret, Jógvan A. Joensen.

Fest i Fjaler

Under den årlege Dalsfjordveka i august, kjem biografien. Sande-kjennar Ove Eide frå Gloppen er forfattar av boka om Sandes liv, som blir gitt ut på Det Norske Samlaget. Biografien skal sleppast 11. august. I tillegg skal forfattarar og musikarar frå heile landet setje søkjelys på Sande sine verk denne veka.

I oktober blir det ein eigen festival og seminar i området rundt Kobbeskjeret i Flekkefjorden. Festival i ord og tonar er stikkordet for arrangementet knytt opp mot området der Sande hadde hytta si, og drog så ofte han kunne etter at han busette seg på Austlandet.

I samband med 100-årsmarkeringa blir det også laga eit stort opplegg for skulane. Gjennom Den kulturelle skulesekken blir Sande tema på eit seminar for lærarar rett etter nyttår. Det skal utarbeidast pedagogisk materiell om diktaren, og til hausten skal den eine av distriktsmusikargruppene på skuleturné med eit Sande-program.

— I utgangspunket er turnéen tenkt for Sogn og Fjordane, men det er ikkje noko i vegen for å føre dette vidare til andre fylke, seier prosjektleiar Margrethe Henden Aaraas.

Folk flest

— I tillegg veit vi at det er mange andre arrangement på gang. Meldingane vi har fått, tyder på stor aktivitet rundt han over heile landet, seier Fjaler-ordføraren.

— Sande er vel ikkje like mykje i vinden som han ein gong var?

— Kanskje ikkje. Men vi registrerer at Jon Eikemo nok ein gong har stor suksess med framsyninga «Trur eg». Og kunnskapen som folk rundt om i landet sit inne med om Jakob Sande, sluttar eg aldri å forundre meg over, seier Helle og fortel om då han for få år sidan var politisk rådgjevar i Fiskeridepartementet.

— Same kvar eg kom, når eg fortalde at eg var frå Dale i Sunnfjord og Fjaler, gjekk det ikkje lenge før praten kom inn på Jakob Sande. Han er ein forfattar folk flest over heile landet har eit forhold til. Om det er slik at han har ei dalande stjerne, så er jubileumsåret ein unik sjanse til å få sett søkjelys på han igjen.

ODDLEIV APNESETH